OsloMet – storbyuniversitetet er det tredje største universitetet i Noreg, med 23 000 studentar og over 2600 tilsette. Vi har campus i Oslo sentrum og på Romerike. OsloMet leverer forsking og utdanning med høg relevans for arbeidslivet, velferdsstaten og storbyregionen.
Senter for velferds- og arbeidslivsforskning (SVA) ved OsloMet - storbyuniversitetet består av Arbeidsforskningsinstituttet (AFI), Velferdsforskningsinstituttet NOVA, By- og regionforskningsinstituttet NIBR og Forbruksforskningsinstituttet SIFO.
SIFO er landets leiande fagmiljø på forsking og utredning på forbrukaranes stilling og rolle i samfunnet. Vi er òg eit av dei største forbruksforskingsinstitutta i europeisk kontekst. Instituttet driver med oppdragsforsking som skal få fram og utvikle ny kunnskap på områder av relevans for forbrukarane. SIFO sitt arbeid skal ha eit vitskapeleg og praktisk siktemål der nytteverdien for de aktuelle brukarane tilleggas vekt. Les meir om instituttet her: https://www.oslomet.no/om/sifo
SIFO har ledig ein åremålsstilling som stipendiat.
Fokuset for doktorgradsarbeidet skal være forbruk av mat i ein samfunnvitskapeleg kontekst.
Aktuelle tema er:
Det skal primært nyttas ein kvantitativ forskingstilnærming i arbeidet med problemstillingane som veljast. Med det meinast at dei fleste arbeida i PhD-avhandlinga skal være kvantitative, men at det er rom for kvalitative arbeid òg.
Stipendiaten vil være tilknytt eit av OsloMet sine PhD-program. For meir informasjon, sjå
https://www.oslomet.no/studier/studieoversikt?q=&education_type=8
Stillinga er eit engasjement som varer i 4 år, inkludert eit års pliktarbeid. Dvs. at 75 % av stillinga er tilknytt doktorgraden og 25 % vil være pliktarbeid inn i andre forskingsprosjekt på SIFO. Det er eit vilkår for tilsetting i stipendiatstillinga at man blir tatt opp på eit doktorgradsprogram og at endeleg plan for forskarutdanning skal være godkjent og avtalefesta seinast 3 månadar etter tilsetting.
Du må ha:
Du bør ha:
Vidare leggast det også vekt på at du har følgande eigenskapar:
Å vere personleg egna byggjer på skjønnsmessige vurderingar baserte på individuelle intervju og samtaler med referansar.
Sakkyndig vurdering:
Som søker vil du bli vurdert av eit sakkyndig utval.
Innan søknadsfrist må du ha lasta opp følgande dokument:
Ufullstendig søknad vil ikkje bli vurdert.
Dersom du har tatt heile eller deler av utdanninga di i utlandet, må dokumenta vere på eit skandinavisk språk eller engelsk. Omsetjingar må vere autoriserte av myndigheitene, (Direktoratet for høgre utdanning og kompetanse, (HK-dir) , og du vil bli bedt om å leggje fram originalar dersom du blir invitert til intervju. OsloMet verifiserer dokument for å gi kandidatane ei rettferdig vurdering og sikre rettferdig konkurranse.
Har du dokumenter som ikkje kan lastas opp elektronisk, kontakt Tanja Blickfeldt Jørgensen, (e-post: tanjabli@oslomet.no ).
Stort engasjement og fagleg utvikling
Som tilset ved SIFO blir du en del av eit solid og kunnskapsleiande fagmiljø. Gjennom stipendiatstillinga vil du få moglegheit til å bidra i forsking om- og utvikling av kunnskap om samfunnsvitskapelege forhold om mat. Stillinga kvalifiserer videre til vitskapelege stillingar ved universitet og høgskolar.
For meir informasjon
Ta kontakt med forskingssjef Alexander Schjøll på e-post alexan@oslomet.no eller
telefon 952 88 945,
Stillinga lønnast etter statens lønnsregulativ, stillingskode 1017 stipendiat, kroner 532 200,- pr. år, med 3 % årleg stigning.
Vil du søke på stillinga, registrer din søknad og CV m/vedlegg ved å nytta knappen «logg inn og søk stillinga» øvst i utlysinga.
Har du problem med søknadsportalen, kontakt Tanja Blickfeldt Jørgensen, tanjabli@oslomet.no
OsloMet ønsker at våre medarbeidarar i størst mogleg grad gjenspeiler mangfaldet i befolkninga. Vi oppfordrar derfor kvalifiserte søkarar med innvandrarbakgrunn eller redusert funksjonsevne til å søke stillinga. OsloMet er en IA-bedrift, og førespurnader om tilretteleggings moglegheiter kan rettes til kontaktpersonen(e) i denne annonsen.
Vi gjer oppmerksame på at opplysningar om din søknad kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om unntak frå offentleg søkarliste. Du vil bli varsla om dette.
Søknadsfrist 02.05.2025.
Ansettelsestype | Åremålsstilling |
---|---|
Arbeidstid | Heltid |
Tiltredelse | Etter avtale |
Lønn | 532,200,- |
Antall ledige stillinger | 1 |
Arbeidsomfang | 100% |
Sted | Oslo |
Fylke | Oslo |
Land | Norge |
Referansenummer | 25/04188 |
Kontakt |
|
Publisert | 11.04.2025 |
Søknadsfrist | 02.05.2025 |