Senter for velferds- og arbeidslivsforskning (SVA), Forbruksforskningsinstituttet SIFO

OsloMet – storbyuniversitetet er det tredje største universitetet i Noreg, med 23 000 studentar og over 2600 tilsette. Vi har campus i Oslo sentrum og på Romerike. OsloMet leverer forsking og utdanning med høg relevans for arbeidslivet, velferdsstaten og storbyregionen.

Senter for velferds- og arbeidslivsforskning (SVA) ved OsloMet - storbyuniversitetet består av Arbeidsforskningsinstituttet (AFI), Velferdsforskningsinstituttet NOVA, By- og regionforskningsinstituttet NIBR og Forbruksforskningsinstituttet SIFO.

SIFO er landets leiande fagmiljø på forsking og utredning på forbrukaranes stilling og rolle i samfunnet. Vi er òg eit av dei største forbruksforskingsinstitutta i europeisk kontekst. Instituttet driver med oppdragsforsking som skal få fram og utvikle ny kunnskap på områder av relevans for forbrukarane. SIFO sitt arbeid skal ha eit vitskapeleg og praktisk siktemål der nytteverdien for de aktuelle brukarane tilleggas vekt. Les meir om instituttet her: https://www.oslomet.no/om/sifo 

Om stillinga  

SIFO har ledig ein åremålsstilling som stipendiat.

Fokuset for doktorgradsarbeidet skal være forbruk av mat i ein samfunnvitskapeleg kontekst.

Aktuelle tema er:

  • Verdikjeda for mat i Noreg. Under dette konkurransesituasjonen for mat i Noreg, priser,  utval, tillit og marknadsføring.
  • Forbrukarhaldningar til lokal mat, nye matprodukt, tradisjonell norsk mat og dyrevelferd.
  • Forbrukarhaldningar til kosthald og korleis befolkninga kan ete sunnare.
  • Berekraftig forbruk, berekraftige matsystem og reduksjon av matsvinn.
  • Beredskap og mat.

Det skal primært nyttas ein kvantitativ forskingstilnærming i arbeidet med problemstillingane som veljast. Med det meinast at dei fleste arbeida i PhD-avhandlinga skal være kvantitative, men at det er rom for kvalitative arbeid òg.

Stipendiaten vil være tilknytt eit av OsloMet sine PhD-program. For meir informasjon, sjå  

https://www.oslomet.no/studier/studieoversikt?q=&education_type=8

Stillinga er eit engasjement som varer i 4 år, inkludert eit års pliktarbeid. Dvs. at 75 % av stillinga er tilknytt doktorgraden og 25 % vil være pliktarbeid inn i andre forskingsprosjekt på SIFO. Det er eit vilkår for tilsetting i stipendiatstillinga at man blir tatt opp på eit doktorgradsprogram og at endeleg plan for forskarutdanning skal være godkjent og avtalefesta seinast 3 månadar etter tilsetting.  
 

Kvalifikasjonar 

Du må ha: 

  • Mastergrad innan samfunnsvitskap der kvantitative fag inngår, (typisk sosiologi, statsvitskap, og økonomi), med gode karakterar, (gjennomsnitt karakter B eller betre på masternivå).
  • God erfaring med forbrukarforsking.
  • Erfaring med problemstilling knyta til mat.
  • Gode kunnskapar innan kvantitative forskingsmetodar og erfaring med slike metodar.
  • Særs god framstillingsevne på norsk og engelsk. Både skriftleg og munnleg. 

Du bør ha: 

  • Nokre publikasjonar om forbruk.
  • Erfaring med å arbeide i forskingsprosjekt og søknadar om finansiering av forskingsprosjekt.

Vidare leggast det også vekt på at du har følgande eigenskapar: 

  • Evner til å arbeide godt både sjølvstendig og i team.
  • God evne til - og interesse for tverrfagleg samarbeid.
  • Er strukturert og resultatorientert med god gjennomføringsevne.
  • Er fleksibel, løysingsorientert og tilpassingsdyktig.
  • Har gode kommunikasjons- og formidlingsevner.
  • Personleg egna for stillinga.

Å vere personleg egna byggjer på skjønnsmessige vurderingar baserte på individuelle intervju og samtaler med referansar.

Sakkyndig vurdering: 

Som søker vil du bli vurdert av eit sakkyndig utval.   

Krav til søknad 

Innan søknadsfrist må du ha lasta opp følgande dokument:  

  • Søknad som mellom anna beskriv din motivasjon for stillinga og korleis din bakgrunn gjer deg egna.
  • CV, attester og alle sider av vitnemål.
  • Komplett mastergradsoppgåve på engelsk eller eit skandinavisk språk.
  • Ei kort beskriving av dine idéar til eit forskingsprosjekt og korleis du kan studere dei. Maks. 4 sidar, (pluss eventuell litteraturliste).
  • Eventuelle publikasjonar på eit skandinavisk språk og/eller engelsk som du ønsker vurdert, (maks. 3 stk.). 

Ufullstendig søknad vil ikkje bli vurdert.  

Dersom du har tatt heile eller deler av utdanninga di i utlandet, må dokumenta vere på eit skandinavisk språk eller engelsk. Omsetjingar må vere autoriserte av myndigheitene, (Direktoratet for høgre utdanning og kompetanse, (HK-dir) , og du vil bli bedt om å leggje fram originalar dersom du blir invitert til intervju. OsloMet verifiserer dokument for å gi kandidatane ei rettferdig vurdering og sikre rettferdig konkurranse.

Har du dokumenter som ikkje kan lastas opp elektronisk, kontakt Tanja Blickfeldt Jørgensen, (e-post: tanjabli@oslomet.no ).   

Stort engasjement og fagleg utvikling 

Som tilset ved SIFO blir du en del av eit solid og kunnskapsleiande fagmiljø. Gjennom stipendiatstillinga vil du få moglegheit til å bidra i forsking om- og utvikling av kunnskap om samfunnsvitskapelege forhold om mat. Stillinga kvalifiserer videre til vitskapelege stillingar ved universitet og høgskolar.  

Vi tilbyr deg 

  • eit godt og stimulerande arbeidsmiljø på ein arbeidsplass i utvikling 
  • fleksibel arbeidstid  
  • gode låne- og pensjons vilkår i Statens pensjonskasse 

 

For meir informasjon  

Ta kontakt med forskingssjef Alexander Schjøll på e-post alexan@oslomet.no eller  
telefon 952 88 945,

Stillinga lønnast etter statens lønnsregulativ, stillingskode 1017 stipendiat, kroner 532 200,- pr. år, med 3 % årleg stigning.

Vil du søke på stillinga, registrer din søknad og CV m/vedlegg ved å nytta knappen «logg inn og søk stillinga» øvst i utlysinga.  

 Har du problem med søknadsportalen, kontakt Tanja Blickfeldt Jørgensen, tanjabli@oslomet.no 

OsloMet ønsker at våre medarbeidarar i størst mogleg grad gjenspeiler mangfaldet i befolkninga. Vi oppfordrar derfor kvalifiserte søkarar med innvandrarbakgrunn eller redusert funksjonsevne til å søke stillinga. OsloMet er en IA-bedrift, og førespurnader om tilretteleggings moglegheiter kan rettes til kontaktpersonen(e) i denne annonsen. 

Vi gjer oppmerksame på at opplysningar om din søknad kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om unntak frå offentleg søkarliste. Du vil bli varsla om dette.  

Søknadsfrist 02.05.2025.

 

 

 

Ansettelsestype Åremålsstilling
Arbeidstid Heltid
Tiltredelse Etter avtale
Lønn 532,200,-
Antall ledige stillinger 1
Arbeidsomfang 100%
Sted Oslo
Fylke Oslo
Land Norge
Referansenummer 25/04188
Kontakt
  • Alexander Schjøll, +4795288945
Publisert 11.04.2025
Søknadsfrist 02.05.2025
Logg inn og søk stillingen

Tilbake til ledige stillinger