Denne annonsen er ikke tilgjengelig!
OsloMet – storbyuniversitetet er det tredje største universitetet i Noreg, med nesten 22 000 studentar og over 2500 tilsette. Vi har campus i Oslo sentrum og på Romerike. OsloMet leverer forsking og utdanning med høg relevans for arbeidslivet, velferdsstaten og storbyregionen.
Avdeling for eigedom søkjer ein prosjektlederassistent som skal støtte avdelinga sine prosjektleiarar i gjennomføringa av campusutviklings- og byggeprosjekt, samt flytteprosjekt. Det er ei midlertidig stilling på 6 månadar, med oppstart snarast, med moglegheit for forlenging. Stillinga vil støtte prosjektleiarar med praktisk og administrativ bistand i utviklingsprosjekt som vil variere i storleik og omfang.
At du er personleg eigna for stillinga vil bli lagt vekt på.
Det er viktig for OsloMet å spegle menneska i regionen og vi ynskjer alle kvalifiserte søkjarar velkomne. Vi arbeider aktivt for å utvikle oss vidare som ein inkluderande arbeidsplass og for å tilpasse arbeidsplassen dersom du har behov for det. Har du periodar i livet der du ikkje har vore i arbeid, utdanning eller opplæring er du også velkomen til å søkje hos oss.
Vi behandlar berre søknader som er sendt via vårt elektroniske rekrutteringssystem, og alle dokument må lastast opp for at søknaden din skal bli behandla. Dokumenta må vera på engelsk eller eit skandinavisk språk. Omsetjingar må vera autoriserte. Dersom du blir innkalla til intervju, må du visa fram originaldokumenta. OsloMet gjennomfører kontroll av dokument, slik at du som kandidat skal få ei reell vurdering og ein rettferdig konkurranse.
Dersom du ynskjer meir informasjon om stillinga, kan du ta kontakt med:
Stillinga blir løna i samsvar med hovudtariffavtalane i staten og OsloMets lønnspolitikk som 1136 driftsteknikar, i lønnstrinn 45 – 55, tilsvarande kroner 466 600 – 540 500 per år. For særskild kvalifiserte søkjarar kan ein vurdere høgare løn. Frå lønna blir det trekt 2 prosent i lovfesta innskot i Statens pensjonskasse.
Du som søkjar kan med heimel i Offentleglova bli publisert på søkjarlista sjølv om du har bedt om at søknaden blir handsama konfidensielt. Om det skjer vil du bli varsla før publisering.
Vil du søkje på stillinga må du søkje elektronisk i rekrutteringssystemet vårt.
Søknadsfrist: 11. november
Ref.: 24/25824
Ansettelsestype | Vikariat |
---|---|
Arbeidstid | Heltid |
Tiltredelse | Etter avtale |
Lønn | 466 600 - 540 500 |
Antall ledige stillinger | 1 |
Arbeidsomfang | 100 % |
Sted | Oslo |
Fylke | Oslo |
Land | Norge |
Referansenummer | 24/25824 |
Kontakt |
|
Publisert | 29.10.2024 |
Søknadsfrist | 11.11.2024 |