Divisjon for organisasjon og infrastruktur, Avdeling for eiendom

OsloMet – storbyuniversitetet er det tredje største universitetet i Noreg, med nesten 22 000 studentar og over 2500 tilsette. Vi har campus i Oslo sentrum og på Romerike. OsloMet leverer forsking og utdanning med høg relevans for arbeidslivet, velferdsstaten og storbyregionen.

Byggteknisk leiarstøtte i campusutviklingsprosjektet

Avdeling for eigedom søkjer ein prosjektlederassistent som skal støtte avdelinga sine prosjektleiarar i gjennomføringa av campusutviklings- og byggeprosjekt, samt flytteprosjekt. Det er ei midlertidig stilling på 6 månadar, med oppstart snarast, med moglegheit for forlenging. Stillinga vil støtte prosjektleiarar med praktisk og administrativ bistand i utviklingsprosjekt som vil variere i storleik og omfang.

Dei viktigaste arbeidsoppgåvene dine vil vere

  • støtte prosjektleiarane i Eigedomsavdelinga med planlegging, gjennomføring og ferdigstilling av ombyggings- og flytteprosjekt
  • støtte prosjektleiaren i gjennomføringa av møte med entreprenør, og iverksetjinga av oppfølgingsoppgåver
  • delta på synfaringar med prosjektleiarar og entreprenørar
  • støtte prosjektleiaren med planlegging og gjennomføring av større flytteoppdrag
  • systematisere og skaffe oversikt over møbler og inventar på lager, og støtte prosjektleiaren ved møbelbestillingar med eit mål om høg grad av gjenbruk
  • leie handteringa rundt ombruk av møbler, og laust og fast inventar for å realisere målsettinga om størst mogleg gjenbruk og ombruk

Du må ha

  • praktisk og teoretisk opplæring innan relevant fagområde eller relevant bakgrunn som handverkar
  • relevant erfaring med ombyggings- eller flytteprosjekt
  • gode kunnskapar i norsk og engelsk, skriftleg og munnleg 

Det er ein fordel om du har

  • fagbrev innan relevant fagfelt
  • arbeidserfaring frå komplekse organisasjonar
  • erfaring med brukarmedverknad 

Vi ynskjer deg som har

  • evne til sjølvstendig, strukturert og resultatorientert arbeid
  • gode evner til å planlegge
  • gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • god arbeidskapasitet og evne til å handtere fleire oppgåver samtidig
  • evne til å sjå brukaren sine behov 

At du er personleg eigna for stillinga vil bli lagt vekt på. 
  
Det er viktig for OsloMet å spegle menneska i regionen og vi ynskjer alle kvalifiserte søkjarar velkomne. Vi arbeider aktivt for å utvikle oss vidare som ein inkluderande arbeidsplass og for å tilpasse arbeidsplassen dersom du har behov for det. Har du periodar i livet der du ikkje har vore i arbeid, utdanning eller opplæring er du også velkomen til å søkje hos oss.

Vi kan tilby deg

  • moglegheiter for fagleg utvikling
  • eit inspirerande og støttande arbeidsmiljø i Eigedomsavdelinga
  • pensjonsvilkår i Statens pensjonskasse
  • fleksibel arbeidstid og gode velferdsordningar 

Vi behandlar berre søknader som er sendt via vårt elektroniske rekrutteringssystem, og alle dokument må lastast opp for at søknaden din skal bli behandla. Dokumenta må vera på engelsk eller eit skandinavisk språk. Omsetjingar må vera autoriserte. Dersom du blir innkalla til intervju, må du visa fram originaldokumenta. OsloMet gjennomfører kontroll av dokument, slik at du som kandidat skal få ei reell vurdering og ein rettferdig konkurranse.

Andre opplysningar 

Dersom du ynskjer meir informasjon om stillinga, kan du ta kontakt med:

  • Avdelingsdirektør, Mariann Stenby Hole, telefon 916 56 646
  • Seniorrådgjevar, Jan-Thomas Vestby, telefon  900 65 533

Stillinga blir løna i samsvar med hovudtariffavtalane i staten og OsloMets lønnspolitikk som 1136 driftsteknikar, i lønnstrinn 45 – 55, tilsvarande kroner 466 600 – 540 500 per år. For særskild kvalifiserte søkjarar kan ein vurdere høgare løn. Frå lønna blir det trekt 2 prosent i lovfesta innskot i Statens pensjonskasse. 

Du som søkjar kan med heimel i Offentleglova bli publisert på søkjarlista sjølv om du har bedt om at søknaden blir handsama konfidensielt. Om det skjer vil du bli varsla før publisering. 
Vil du søkje på stillinga må du søkje elektronisk i rekrutteringssystemet vårt. 
 
Søknadsfrist:          11. november  
Ref.:                        24/25824 

Ansettelsestype TEMPORARY_POST
Arbeidstid Heltid
Tiltredelse Etter avtale
Lønn 466 600 - 540 500
Antall ledige stillinger 1
Arbeidsomfang 100 %
Sted Oslo
Fylke Oslo
Land Norge
Referansenummer 24/25824
Kontakt
  • Mariann Stenby Hole, 91656646
  • Jan-Thomas Vestby, 90065533
Publisert 29.10.2024
Søknadsfrist 11.11.2024

Tilbake til ledige stillinger