Denne annonsen er ikke tilgjengelig!
OsloMet – storbyuniversitetet er det tredje største universitetet i Noreg, med nesten 22 000 studentar og over 2500 tilsette. Vi har campus i Oslo sentrum og på Romerike. OsloMet leverer forsking og utdanning med høg relevans for arbeidslivet, velferdsstaten og storbyregionen.
I samband med at ein av våre tilsette skal ut i svangerskapspermisjon, har vi ei ledig vikariatstilling som førstekonsulent/rådgjevar i forskingsadministrasjonen ved Fakultet for helsevitskap. Vikariatet er ledig frå 01.02.2024 og går over eitt år.
Fakultet for helsevitskap har per i dag to doktorgradsprogram; i åtferdsanalyse og helsevitskap. Vi har i overkant av 150 aktive ph.d.-kandidatar og om lag 20 disputasar i året. Den som blir tilsett vil bidra til oppfølging av ph.d.-kandidatane gjennom løpet, med eit spesielt fokus på perioden frå innlevering av avhandling til gjennomført disputas. Du vil samarbeide tett med dei andre ph.d.-rådgjevarane på fakultetet.Den aktuelle stillinga er knytt til fakultetet sin seksjon for forsking og utvikling (FoU) som består av totalt åtte personar.
I tillegg til tett samarbeid med ph.d.-rådgjevarane, vil stillinga også innebere samarbeid med prodekan, dei faglege leiarane for ph.d.-programma, forskarar/forskingsgrupper på fakultetet, stipendiatar og tilsette i ulike administrative støttetenester. Den nærmaste overordna for stillinga vil vere seksjonssjef for FoU.
Arbeidsoppgåvene dine vil i hovudsak vere
Seksjonen varetar ei rekkje oppgåver innan forskingsadministrasjon, inkludert søknadsarbeid, prosjektoppfølging, personvern i forsking og Cristin-arbeid. Andre oppgåver innanfor ansvarsområdet til seksjonen kan bli lagde til stillinga, avhengig av erfaring, interesse og kompetanse.
For tilsetjing i stilling som førstekonsulent er det krav om universitets- eller høgskoleutdanning, fortrinnsvis bachelorgrad. Lang relevant praksis kan kompensere for kravet om formell utdanning.
For tilsetjing i stilling som rådgjevar er det krav om universitets- eller høgskoleutdanning, minst bachelorgrad, samt relevant praksis og dokumentert evne til sjølvstendig og resultatorientert arbeid. Svært god og relevant praksis kan kompensere for kravet om formell utdanning.
Det er viktig for OsloMet å gjenspegle befolkninga i regionen vår, og vi ønskjer alle kvalifiserte søkjarar velkomne. Vi arbeider aktivt med å utvikle oss vidare som ein inkluderande arbeidsplass og for å tilretteleggje arbeidsplassen om du har behov for det. Har du periodar i livet der du ikkje har vore i arbeid, utdanning eller opplæring er du også velkomen til å søkje hos oss.
Stillinga blir løna i samsvar med hovudtariffavtalane i staten og lønspolitikken til OsloMet i stillingskode 1408 førstekonsulent med lønstrinn 45–54, det vil seie kroner 466.600 – 532.200 per år eller 1434 rådgjevar med lønstrinn 55-66, det vil seie kroner 540.500 – 646.000 per år. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare løn.
Vi behandlar berre søknader sende inn via det elektroniske rekrutteringssystemet vårt og alle dokument må lastast opp for at vi skal behandle søknaden din. Innan søknadsfristen må du saman med søknaden laste opp følgjande dokument:
Dokumenta må vere på eit skandinavisk språk eller engelsk, og omsetijngar må vere autoriserte. Vi vil be om at du viser fram originalar ved eit eventuelt intervju. OsloMet gjennomfører kontroll av dokument, slik at du som kandidat skal få ei reell evaluering og ein rettferdig konkurranse.
Ønskjer du nærmare informasjon om stillinga kan du kontakte:
Søknadsfrist 11. desember, 2023.
Ref. 23/07893
Ansettelsestype | TEMPORARY_POST |
---|---|
Arbeidstid | Heltid |
Lønn | førstekonsulent kroner 466.600 – 532.200 per år eller 1434 rådgjevar kroner 540.500 – 646.000 per år |
Antall ledige stillinger | 1 |
Arbeidsomfang | 100% |
Sted | Oslo |
Fylke | Oslo |
Land | Norge |
Referansenummer | 23/07893 |
Kontakt |
|
Publisert | 20.11.2023 |
Søknadsfrist | 11.12.2023 |