Denne annonsen er ikke tilgjengelig!
OsloMet - storbyuniversitetet er Norges tredje største universitet med nesten 22 000 studenter og over 2500 ansatte. Vi har campus i Oslo sentrum og på Romerike. OsloMet leverer forskning og utdanning med høy relevans for arbeidslivet, velferdsstaten og storbyregionen.
Senter for velferds- og arbeidslivsforskning (SVA) ved OsloMet - storbyuniversitetet består av Arbeidsforskningsinstituttet (AFI), Velferdsforskningsinstituttet NOVA, By- og regionforskningsinstituttet NIBR og Forbruksforskningsinstituttet SIFO.
Har du lyst til å leie ein eining med dyktige og engasjerte forbruksforskarar? Vi er på jakt etter ein fagperson som ønsker å vidareutvikle og leie våre dedikerte og ambisiøse forskarar innan berekraftig tekstil og matforbruk som vil bidra til ein positiv samfunnsutvikling gjennom sine medarbeidarar.
Forskingsgruppa Berekraftig tekstil- og matforbruk består av 14 medarbeidarar med spisskompetanse innan forbruk av tekstil og mat og korleis marknaden, politikken og verdikjeden kan utviklast til det beste for forbrukar og samfunn på berekraftig vis. Eininga er ein av tre forskingsgrupper, som i tillegg til administrasjonen, utgjer SIFO.
Det meste av SIFOs forsking skjer på tvers av dei ulike forskingsgruppene i SIFO, men også innad i Senter for velferds- og arbeidslivsforsking (SVA) og med eksterne forskarar i innland og utland. SIFO består av forbruksforskarar med bakgrunn frå ulike samfunnsvitskaplege disiplinar og humaniora. Fleire har også tverrfaglig bakgrunn t.d. frå ingeniørfag. Mesteparten av forskinga vår er finansiert gjennom konkurranse om oppdrag og bidragsprosjekt, mellom anna frå Forskingsrådet, departement og EU.
Vi er opptatt av å publisere og formidle forskinga vår for å gjere den tilgjengeleg for fagfeller, undervisning og politikkutforming. Vi plikter å utøve samfunnsmedverknad, kva som inneber at forskinga skal vere relevant for omverda.
Som forskingsleiar for Berekraftig tekstil- og matforbruk blir du ein del av eit fagleg sterkt og hyggelig arbeidsmiljø. Du vil bli ein del av SIFOs leiargruppe og får moglegheit til å prege utviklinga av forbruksforskinga i Norge.
Du må ha solid samfunnsvitskapleg forskingskompetanse, gode leiareigenskapar og evner til å skape eit godt miljø. Du blir ein del av eit leiarteam som er opptatt av å skape forutsigbarheit og sikre tillit og gjensidig støtte, samt å forankre avgjerder. Leiargruppa består av to andre forskingsleiarar, administrativ leiar og FoU-ressurs samt instituttdirektør. Du vil rapportere direkte til instituttdirektør Jorge B. Jensen.
Les meir om Forbruksforskningsinstituttet SIFO: Om SIFO (https://www.oslomet.no/om/sifo)
Les meir om eining for Berekraftig tekstil- og matforbruk på SIFO: Berekraftig tekstil- og matforbruk - OsloMetForbrukarpolitikk og -økonomi - OsloMet (https://www.oslomet.no/forskning/forskningsgrupper/berekraftig-tekstil-og-matforbruk)
Du må ha:
Det er ein fordel om du også har:
Personlege eigenskapar:
Vi ser etter ein leiar som opptrer ryddig og er open. Som leiar med personalansvar og ansvar for faggruppa sin faglege utvikling, vil personleg eigna bli tillagt vekt. Personleg eigna byggjer på skjønnsmessige vurderingar basert på individuelle intervju og samtalar med referansar.
I denne stillinga vil mellom anna faglege ambisjonar, strategiske evner, evnen til å motivere medarbeidarar til prosjektinnhenting og elles gode samarbeids- og kommunikasjonsevner bli vektlagt.
Generelle kriterier for tilsetjing i undervisnings- og forskarstilling framgår av Forskrift om tilsetjing og opprykk i undervisnings- og forskarstillingar.
Det er viktig for OsloMet å spegle befolkninga i vår region. Vi arbeidar aktivt med å utvikle oss vidare som ein inkluderande arbeidsplass og for å tilrettelegge arbeidsplassen dersom du har behov for det. Har du periodar i livet der du ikkje har vore i arbeid, utdanning eller opplæring er du også velkommen til å søkje hos oss.
Søknader vil bli behandla via OsloMet sitt rekrutteringssystem. Innan søknadsfristen må du saman med søknaden laste opp følgjande dokument:
Vi behandlar berre søknader sendt via vårt elektroniske rekrutteringssystem og alle dokument må lastast opp for at søknaden din skal behandlast. Dokumenta må vere på eit skandinavisk språk eller engelsk. Omsetjingar må vere autoriserte og du må rekne med å vise fram originalar ved eit eventuelt intervju. OsloMet gjennomfører kontroll av dokument. Ufullstendige søknader vil ikkje bli vurderte.
Ønskjer du nærare informasjon om stillinga kan du kontakte: Institutt-direktør Jorge B. Jensen, mobiltelefon: 930 84 578 (epost: jorge.jensen@oslomet.no) eller Seniorrådgjevar HR Tanja Blickfeldt Jørgensen, mobiltelefon 950 69 344 (epost: tanjablickfeldt.jorgensen@oslomet.no)
Ansettelsestype | Åremålsstilling |
---|---|
Arbeidstid | Heltid |
Tiltredelse | Etter avtale |
Lønn | kroner 796 600 – 919 200 brutto per år |
Antall ledige stillinger | 1 |
Arbeidsomfang | 100% |
Sted | Oslo |
Fylke | Oslo |
Land | Norge |
Referansenummer | 24/21978 |
Kontakt |
|
Publisert | 08.07.2024 |
Søknadsfrist | 31.07.2024 |