OsloMet – storbyuniversitetet er det tredje største universitetet i Noreg, med 23 000 studentar og over 2600 tilsette. Vi har campus i Oslo sentrum og på Romerike. OsloMet leverer forsking og utdanning med høg relevans for arbeidslivet, velferdsstaten og storbyregionen.
OsloMet har dei seinare åra hatt god vekst i forskingsaktiviteten og universitetet sitt samarbeid med arbeids- og samfunnsliv. Som forskingsdirektør får du ansvar for å vidareutvikle dei sentrale administrative funksjonane for dette arbeidet i tett samarbeid med fakultet, senter, og andre avdelingar i den sentrale administrasjonen til OsloMet. Du vil også vere ein viktig strategisk rådgjevar for leiinga ved universitetet.
FoU-avdelinga ved OsloMet har ei nøkkelrolle i å vidareutvikle OsloMet som eit forskingsuniversitet tett på samfunnet. Avdelinga har særleg ansvar for sentrale støttefunksjonar for FoU, innovasjon og samfunnsforbetringar, tilrettelegging for samarbeid med nærings- og arbeidsliv, juridiske tenester, og koordinering av forskarutdanningane ved universitetet.
Stillinga rapporterer til prorektor FoU og er del av leiargruppa i Divisjon for forsking, utvikling og universitetsbibliotek.
At du er personleg eigna for stillinga vil bli tillagt vekt.
Det er viktig for OsloMet å spegla menneska i regionen og vi ønskjer alle kvalifiserte søkarar velkomen. Vi arbeidar aktivt for å utvikle oss vidare som ein inkluderande arbeidsplass og for å leggje til rette arbeidsplassen dersom du har behov for det. Har du periodar i livet kor du ikkje har vore i arbeid, utdaning eller opplæring er du også velkomen til å søke hos oss.
Vi behandlar berre søknader sendt via vårt elektroniske rekrutteringssystem og alle dokument må vere lasta opp for at din søknad skal bli behandla. Dokumenta må vere på engelsk eller eit skandinavisk språk. Omsetjingar må vere autoriserte. Dersom du blir innkalla til intervju må du vise fram originalen der. OsloMet gjennomfører kontroll av dokument, slik at du som kandidat skal få ei reell evaluering og ein rettferdig konkurranse.
Dersom du ønskjer meir informasjon om stillinga, kan du ta kontakt med:
Ta gjerne også uformell og uforpliktande kontakt med seniorkonsulent Øystein Dahl mobil +47 90 56 82 85 eller researchleder Maria Loftheim +47 48 25 72 31 i Jefferson Wells.
Stillinga blir lønna i samsvar med Hovudtariffavtalane i staten og OsloMets lønnspolitikk. Stillingskoden er 1060 avdelingsdirektør og årslønna har eit spenn på 1 000 000 – 1 250 000 kroner. For særskild kvalifiserte søkarar kan ein vurdere høgare løn. Frå lønna blir det trekt 2 prosent i lovfesta innskot i Statens Pensjonskasse.
Du som søkar kan med heimel i Offentleglova bli publisert på søkarlista sjølv om du har bede om at søknaden blir behandla konfidensielt. Dersom det skjer vil du bli varsla før publisering.
Vil du søke på stillinga må du søke elektronisk i rekrutteringssystemet vårt.
Søknadsfrist: 10.03.2025
Ref.: 25/02398
Ansettelsestype | Fast stilling |
---|---|
Arbeidstid | Heltid |
Tiltredelse | Etter avtale |
Lønn | 1 000 000 - 1 250 000 |
Antall ledige stillinger | 1 |
Arbeidsomfang | 100 % |
Sted | Oslo |
Fylke | Oslo |
Land | Norge |
Referansenummer | 25/02398 |
Kontakt |
|
Publisert | 21.02.2025 |
Søknadsfrist | 10.03.2025 |