Divisjon for forskning, utvikling og universitetsbibliotek, Universitetsbiblioteket

OsloMet - storbyuniversitetet er Norges tredje største universitet med nesten 22 000 studenter og over 2500 ansatte. Vi har campus i Oslo sentrum og på Romerike. OsloMet leverer forskning og utdanning med høy relevans for arbeidslivet, velferdsstaten og storbyregionen.

Vi søkjer ein bibliotekar som trivst med å rettleie og undervise studentar. 

Ved Universitetsbiblioteket OsloMet, er det ledig 100 % fast stilling som spesialbibliotekar/universitetsbibliotekar med arbeidsstad på campus Pilestredet. Stillinga er ledig frå 15.05.2025. Vi søkjer ein bibliotekar med interesse for publikumstenester, som møter ulike menneske på ein profesjonell og serviceinnstilt måte, og som trivst med å rettleie og undervise studentar. 

Universitetsbiblioteket har ei sentral rolle i arbeidet OsloMet gjer for å betre trivsel, tilhøyrsle og læringsmiljø til studentane. Vidare utvikling av dei studentretta tenestene er eit viktig satsingsområde for Universitetsbiblioteket, og som tilsett vil du få moglegheit til å delta i ulike prosjekt. Seksjonen Biblioteket Pilestredet har 22 dyktige og engasjerte medarbeidarar som saman driv tre fysiske bibliotek på campus. I tett samarbeid med seksjonen Biblioteket Kjeller har vi ansvar for undervisnings- og rettleiingstilbod som Universitetsbiblioteket tilbyr studentane. 

For å få betre balanse i staben oppmodar vi spesielt menn til å søkje. 

Dei viktigaste arbeidsoppgåvene dine vil vere 

  • skrankevakter, rettleiing, og undervisning
  • delta i løpande driftsoppgåver i biblioteket 

Vi ser etter deg som har  

  • minimum bachelorgrad i bibliotek- og informasjonsvitskap eller tilsvarande
  • gode norsk- og engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg 

Det er ein fordel at du har

  • relevant erfaring frå bibliotek
  • erfaring med undervisning og rettleiing 

Vi ynskjer deg som  

  • kan representere biblioteket på ein god måte
  • trivst i møte med nye menneske
  • har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, og trivst med å arbeide i team
  • er serviceinnstilt og fleksibel 

At du er personleg eigna for stillinga vil bli tillagt vekt. 

Det er viktig for OsloMet å spegla menneska i regionen og vi ønskjer alle kvalifiserte søkjarar velkomen. Vi arbeidar aktivt for å utvikle oss vidare som ein inkluderande arbeidsplass og for å leggje til rette arbeidsplassen dersom du har behov for det. Har du periodar i livet kor du ikkje har vore i arbeid, utdaning eller opplæring er du også velkomen til å søkje hos oss. 

Vi kan tilby deg

  • godt arbeidsmiljø med fagleg engasjerte kollegaer
  • moglegheiter for fagleg utvikling
  • moglegheit for trening i arbeidstida
  • fleksibel arbeidstid og gode velferdsordningar 

Andre opplysningar 

Ønskjer du meir informasjon om stillinga kan du kontakte: 

  • Seksjonssjef for Biblioteket Pilestredet, Gry Bettina Moxnes, tlf. +47 40 84 55 00 
  • Bibliotekdirektør, Hege Undem Store, tlf. +47 99 02 03 55   

Ønskjer du meir informasjon om stillinga kan du kontakte: 

Seksjonssjef for Biblioteket Pilestredet, Gry Bettina Moxnes, tlf. +47 40 84 55 00  

Bibliotekdirektør, Hege Undem Store, tlf. +47 99 02 03 55   

Stillinga blir lønna i samsvar med Hovudtariffavtalane i staten og lønnspolitikken til OsloMet i stillingskode 1515 spesialbibliotekar, frå kr 502 300 – 646 000 per år. For søkjarar med mastergrad kan ein vurdere tilsetting i stillingskode 1199 universitetsbibliotekar, frå kr 540 500 – 680 000 per år. Frå lønna blir det trekt 2 prosent i lovfesta innskot i Statens Pensjonskasse. 

Du som søkjar kan med heimel i Offentleglova bli publisert på søkjarlista sjølv om du har bedd om at søknaden blir handtert konfidensielt. Dersom det skjer blir du varsla før publisering. 

Vil du søkje på stillinga må du søkje elektronisk i rekrutteringssystemet vårt.  

Søknadsfrist:  9. mars 2025 
Ref.:                         25/02368

 

Ansettelsestype Fast stilling
Arbeidstid Heltid
Antall ledige stillinger 1
Arbeidsomfang 100%
Sted Oslo
Fylke Oslo
Land Norge
Referansenummer 25/02368
Kontakt
  • Gry Bettina Moxnes, 40845500
  • Hege Undem Store, 99020355
Publisert 14.02.2025
Søknadsfrist 09.03.2025
Logg inn og søk stillingen

Del lenker - Tips en venn

Tilbake til ledige stillinger