Fakultet for lærerutdanning og internasjonale studier (LUI), Institutt for barnehagelærerutdanning (BLU)

OsloMet –  storbyuniversitetet er landets tredje største universitet, med over 20 000 studenter og mer enn 2000 ansatte. OsloMet leverer kunnskap og yrkesutøvere samfunnet er avhengig av, og er tett på arbeidslivets behov. OsloMet er et urbant og mangfoldig universitet med internasjonalt preg og et attraktivt studie- og arbeidssted med studiesteder midt i Oslo og på Kjeller ved Lillestrøm. Tilstedeværelsen i hovedstadsregionen gir universitetet gode muligheter til å forstå og høste fordelene av byens varierte befolkningssammensetning.

Fakultet for lærerutdanning og internasjonale studier (LUI) har ca. 550 ansatte og 7000 studenter, og holder til i Oslo og Akershus. Fakultetet består av fire institutter og Nasjonalt senter for flerkulturell opplæring (NAFO).

Fakultetet utdanner fremtidens lærere fra barnehage til og med videregående skole, i nært samarbeid med praksisfeltet. Fakultetet tilbyr ph.d. i utdanningsvitenskap for lærerutdanning. I tillegg tilbyr fakultetet utviklingsstudier og utdanning i tegnspråk og tolking. Mangfold er en kjerneverdi for fakultetets virksomhet. Forsknings- og utviklingsarbeidet er profesjonsrettet, praksisnært og internasjonalt orientert.

Institutt for barnehagelærerutdanning (BLU) har sterke fagmiljøer som bidrar til forskningsbasert kunnskap av relevans for samfunnets utfordringer på barnehagefeltet. Instituttet utvikler sine utdanninger i nært samarbeid med praksisfeltet gjennom studentenes praksisopplæring og gjennom forsknings- og innovasjonsprosjekter. Instituttet tilbyr bachelorstudier i barnehagelærerutdanning, masterstudium i barnehagekunnskap og etter- og videreutdanninger.

Ved Institutt for barnehagelærarutdanning ved Fakultet for lærarutdanning og internasjonale studiar er det ledig ei åremålsstilling som postdoktor innan fleirspråklege barns språktileigning. Ei postdoktorstilling knytt til Institutt for barnehagelærarutdanning blir finansiert som ei 100% stilling i to år, utan arbeidsoppgåver knytt til undervisning. Stillinga er ledig frå 01.08.2021.

Institutt for barnehagelærarutdanning har ca. 2000 studentar og 115 tilsette, og er lokalisert i Pilestredet i Oslo sentrum. Instituttet tilbyr bachelor i barnehagelærarutdanning og master i barnehagekunnskap, samt ei rekkje etter- og vidareutdanningskurs. Fakultetet tilbyr ph.d. i utdanningsvitskap for lærarutdanning. Instituttet har eit utstrekt samarbeid med barnehagar og institusjonar relevant for arbeidet vårt.

Les meir om fakultetet og instituttet her.
Les meir om forskargruppene våre her.

Postdoktoren vil vere knytt til prosjektet PolkaNorski, som er eit polsk-norsk samarbeidsprosjekt finansiert av Norway Grants https://eeagrants.org/. I prosjektet undersøkjer vi polsk-norske barns språktileigning med ulike metodar, som foreldrerapportering, testar på nettbrett og eit EEG-eksperiment. Ei beskriving av prosjektet finn du her: https://www.oslomet.no/forskning/forskningsprosjekter/polkanorski-utvikling-sprak-kunnskap-verden-polsk-norsk-flerspraklige-barn. Prosjektgruppa i PolkaNorski arbeider tett saman i alle delar av prosjektet: med innsamling og analyse av data og i samskriving av publikasjonar. Postdoktoren skal medverke til alle desse delane av hovudprosjektet og vil inngå i PolkaNorskis samarbeidsmiljø. Postdoktoren vil arbeide ved OsloMet, og vere knytt til forskargruppa Samba – Samarbeid og samanheng mellom barnehage og skole, saman med dei andre samarbeidspartnarane ved OsloMet. 

Arbeidsområde

PolkaNorski består av fire underprosjekt. Postdoktoren skal arbeide innanfor det tredje underprosjektet (WP3) som dreier seg om språklege, kulturelle og pedagogiske faktorar som påverkar barns språkutvikling. Søkjarane skal utarbeide ei prosjektskisse som er knytt til dette underprosjektet, og leggje skissa ved søknaden etter malen som ligg her. Skissa må vere skrive på engelsk eller eit skandinavisk språk. Prosjektskissa skal innehalde idéar til korleis dei dataa som er samla inn, kan bli analyserte og leggje frem to idéar til forskingspublikasjonar innanfor det relevante underprosjektet. Det bør gå fram av skissa korleis den faglege bakgrunnen til søkjaren kan styrkje PolkaNorski-prosjektet.

Prosjektgruppa vil organisere eit informasjonsmøte for interesserte søkjarar, der søkjarane kan få utfyllande informasjon til utviklinga av prosjektskissene. Møtet blir organisert digitalt. Interesserte søkjarar er bedne om å vende seg til kontaktpersonen i prosjektet for å få utfyllande informasjon om prosjektet og innspel til prosjektskissa.

Kvalifikasjonskrav

  • fullført doktorgrad med fagleg bakgrunn innan språkvitskap, utdanningsvitskap, psykologi, spesialpedagogikk eller anna relevant bakgrunn. (Eventuelt må søkjaren gjere det sannsynleg at doktorgraden blir fullført før tidspunktet for tilsetting.)
  • kunnskap om enten fleirspråklegheit, barns språktileigning eller utvikling og bruk av kartleggingsverktøy for språkferdigheiter
  • kunnskap om relevante empiriske forskingsmetodar
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne på engelsk og enten et skandinavisk språk eller polsk

Ved vurdering og rangering av kvalifiserte søkjarar vil det bli lagt vekt på: 

  • den vitskaplege kvaliteten til prosjektskissa, medrekna originalitet og potensiale
  • prosjektskissa si relevans for det overordna prosjektet
  • dei vedlagde vitskapelege arbeida
  • kjennskap til eller erfaring frå det norske utdanningssystemet
  • erfaring med datainnsamling, og gjerne digitale datainnsamlingsmetodar
  • interesse for og kunnskap om statistikk
  • andre relevante publikasjonar 
  • erfaring frå tidlegare forskingsaktivitetar og prosjektdeltaking 
  • personlege eigenskapar 

Ønskte eigenskapar:

  • motivasjon og potensial for forsking innanfor fagfeltet
  • personlege kvalitetar som blant annet viser gjennomføringsevne
  • evne til å arbeide både sjølvstendig og i fellesskap med andre forskarar, samt vere nytenkjande og kreativ
  • evne til å jobbe strukturert

Det er viktig for OsloMet å spegle befolkninga i regionen. Vi arbeider aktivt med å utvikle OsloMet vidare som ein inkluderande arbeidsplass og for å leggje arbeidsplassen til rette dersom det er behov for det. Vi ønskjer alle kvalifiserte søkjarar velkommen, òg søkjarar som har opplevd periodar i livet utan arbeid, utdanning eller opplæring.

Vi tilbyr

  • ei fagleg interessant moglegheit ved Noregs tredje største universitet
  • tilgang til fagleg vidareutvikling i eit kreativt fag- og forskingsmiljø
  • låne- og pensjonsvilkår i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar og eit omfattande tilbod av aktivitetar innan kultur og sport 

Andre opplysningar:

For nærare informasjon om stillinga kan du ta kontakt med:

  • Instituttleiar Torgeir Alvestad, mobil: +47 415 65 546/e-post
    Torgeir.Alvestad@oslomet.no
  • Studieleiar Inger Marie Lindboe, mobil +47 954 75 435/e-post
    IngerMarie.Lindboe@oslomet.no
  • Professor og prosjektleiar Nina Gram Garmann, mobil +47 993 13 193/e-post
    nina.garmann@oslomet.no

Stillinga blir lønt etter statens lønnsregulativ og lønnspolitikken til OsloMet, som postdoktor i kode 1352, lønnssteg 60–74 (frå kr 535 200 til kr 694 400 per år). Frå lønna blir det trekt 2 % pensjonsinnskot til SPK.

Søknadsprosess:

Følgjande dokument må lastast opp innan søknadsfristen:

  • søknadsbrev
  • CV
  • attestar og alle sider av vitnemål
  • prosjektskisse på 5-10 sider (Skissa må vere skrive på engelsk eller eit skandinavisk språk.)
  • fullstendig publikasjonsliste
  • inntil ti vitskapelege arbeid og eit oversyn over desse arbeida, inkl. ph.d.-avhandling
  • to referansar med kontaktinformasjon

Vi behandlar berre søknadar som er sendt via vårt elektroniske rekrutteringssystem, og alle dokument må lastast opp for at din søknad skal verta behandla. Dokumenta må vere på eit skandinavisk språk eller engelsk. Omsetjingar må vere autoriserte, og originalar må visast fram ved eit eventuelt intervju. OsloMet gjennomfører kontroll av dokument slik at alle kandidatar skal få ei reell evaluering og rettferdig konkurranse. Ufullstendige søknader vil ikkje bli tekne til vurdering.

Søkjarar vil bli vurderte av eit sakkunnig utval. Før søknadspapira blir sende til dette utvalet, vil alle søknadene bli gjennomgått ved fakultetet. Søknader frå ikkje-kvalifiserte søkjarar vil ikkje bli sende til vurdering.

Har du dokumentar som ikkje kan lastas opp elektronisk, kontakt: Ingrid Andvin Tsolakis iats@oslomet.no

Søk elektronisk på stillinga ved å nytte knappen nedst på sida «Logg inn og søk stillinga».

Ansettelsestype Midlertidig ansettelse
Arbeidstid Heltid
Tiltredelse 01.08.2021
Lønn Frå kr 535 200 til kr 694 400 per år
Antall ledige stillinger 1
Arbeidsomfang 100 %
Sted Oslo
Fylke Oslo
Land Norge
Referansenummer 21/01333
Kontakt
  • Torgeir Alvestad, Torgeir.Alvestad@oslomet.no, +47 415 65 546
  • Inger Marie Lindboe, IngerMarie.Lindboe@oslomet.no, +47 95475435
  • Nina Gram Garmann, nina.garmann@oslomet.no, +47 993 13 193
Publisert 11.02.2021
Søknadsfrist 08.03.2021

Tillbaka till lediga jobb