OsloMet – storbyuniversitetet er det tredje største universitetet i Noreg, med 23 000 studentar og over 2600 tilsette. Vi har campus i Oslo sentrum og på Romerike. OsloMet leverer forsking og utdanning med høg relevans for arbeidslivet, velferdsstaten og storbyregionen.
Seksjon for dokumentasjons- og informasjonsforvaltning (SDI) har no eit ledig vikariat som førstekonsulent/seniorkonsulent. Vikariatet har ei varigheit på eitt år, med moglegheit for forlenging.
Seksjonen sitt ansvar er å ta vare på og utvikle OsloMet si dokumentasjons- og informasjonsforvaltning. Dette gjer vi i tett dialog med resten av organisasjonen, slik at dei tilsette opplever SDI som ein ressurs som støttar opp om OsloMet sine arbeidsprosessar og tenester. Som medarbeidar i SDI vil du spele ei sentral rolle i å sikre at dokumentasjonskrava blir ivaretekne i samsvar med aktuelle lovkrav og moglegheiter.
SDI er organisert under Divisjon for organisasjon og infrastruktur, Avdeling for IKT. Seksjonen har i dag ein seksjonssjef og åtte engasjerte og dyktige medarbeidarar.
At du er personleg eigna for stillinga vil bli tillagt vekt.
OsloMet ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Vi jobbar aktivt for å vere ein inkluderande arbeidsplass og legg til rette for tilsette som har behov for særskild tilrettelegging. Har du periodar i livet der du ikkje har vore i arbeid, utdanning eller opplæring, ønskjer vi deg òg velkomen som søkjar.
Vi handterer berre søknader sendt via vårt elektroniske rekrutteringssystem. Du må laste opp attestar og alle sider av vitnemål. Dokumenta må vere på norsk, svensk, dansk eller engelsk. Eventuelle omsetjingar må vere autoriserte. Du må vise fram originaldokumenta ved eit eventuelt intervju. OsloMet gjennomfører dokumentkontroll for å sikre ei rettferdig vurdering av alle søkjarar.
Dersom du ønskjer meir informasjon om stillinga, kan du ta kontakte:
Stillinga blir lønt i samsvar med Hovudtariffavtalane i staten og OsloMets lønnspolitikk i stillingskode 1408 førstekonsulent eller 1363 seniorkonsulent, med ei årsløn på kr 500 000 – 575 400, avhengig av kvalifikasjonar. Vi kan vurdere høgare løn for særleg kvalifiserte søkjarar. Frå løna blir det trekt 2 % innskot til Statens Pensjonskasse.
Du som søkjar kan med heimel i Offentleglova bli publisert på søkjarlista sjølv om du har bede om at søknaden blir handtert konfidensielt. Dersom det skjer vil du bli varsla før publisering.
Vil du søkje på stillinga må du søkje elektronisk i rekrutteringssystemet vårt.
Søknadsfrist: 21. september 2025
Ref.: 25/14548
TYPE_OF_EMPLOYMENT | TEMPORARY_POST |
---|---|
HOURS | Heltid |
Nynorska | Etter avtale |
Lønn | 500 000 - 575 400 |
NUMBER_OF_POSITIONS | 1 |
WORKING_HOURS | 100 % |
Sted | Oslo |
Fylke | Oslo |
Land | Norge |
REFERENCE_NUMBER | 25/14548 |
CONTACT |
|
PUBLISHED | 04.09.2025 |
ENDS | 21.09.2025 |