Senter for velferds- og arbeidslivsforskning (SVA), Velferdsforskningsinstituttet NOVA

OsloMet – storbyuniversitetet er det tredje største universitetet i Noreg, med nesten 22 000 studentar og over 2500 tilsette. Vi har campus i Oslo sentrum og på Romerike. OsloMet leverer forsking og utdanning med høg relevans for arbeidslivet, velferdsstaten og storbyregionen.

Senter for velferds- og arbeidslivsforskning (SVA) ved OsloMet - storbyuniversitetet består av Arbeidsforskningsinstituttet (AFI), Velferdsforskningsinstituttet NOVA, By- og regionforskningsinstituttet NIBR og Forbruksforskningsinstituttet SIFO.

NOVA er ett av Norges største samfunnsvitenskapelige forskningsinstitutt med vekt på forskning om oppvekst, velferd, sosialpolitikk og eldre år.

Om stillinga

Velferdsforskingsinstituttet NOVA har ei aukande oppdragsmengd, og vi søkjer no etter ein vitskapleg assistent med interesse for kvantitativ metode. Som vitskapleg assistent skal du bidra til å avlaste enkeltforskarar, og elles hjelpe til i ulike prosjekt etter behov. 
 
NOVA er det leiande miljøet på forsking om velferdspolitikk og -tenester, levekår og livskvalitet gjennom livsløpet. Viktige kjerneområde i forskinga vår er barndom og barnevern, ungdom, aldring og livsløp, familie, sosial ulikskap, velferdsstaten, migrasjon, bustad, vald i nære relasjonar, likestilling og diskriminering i utdanning og arbeid, helse- og omsorgstenester. Vi har fire forskingsseksjonar: Seksjon for forsking om barndom, familie og barnevern; ungdomsforsking; helse- og velferdsforsking og bustadstudiar og aldersforsking. 

Les meir om NOVA her: https://www.oslomet.no/om/nova
 
Stillinga er eit 2 års engasjement organisatorisk plassert i Seksjon for ungdomsforsking. 

Arbeidsoppgåvene og ansvarsområda dine

  •  koordinering i datainnsamlingsprosessar
  • hjelp til gjennomføring av surveyundersøkingar og tilrettelegging av registerdata
  • hjelp med innhenting og gjennomgang av relevant litteratur
  • bidra til å omarbeide og analysere data
  • bidra til rapportar og vitskapleg publisering
  • bidra til søknadsskriving
  • transkribering
  • bidra til å lage og drifte prosjektnettsider
  • andre påkommande oppgåver 

Kvalifikasjonar og vilkår

  • mastergrad eller tilsvarande i samfunnsvitskaplege fag
  • god skriftleg og munnleg formuleringsevne på norsk eller eit anna skandinavisk språk og engelsk
  • erfaring med bruk av kvantitativ metode i eige forskingsarbeid (til dømes masteroppgåve)

Ønskte eigenskapar

Det er viktig for oss at du er strukturert og resultatorientert med god gjennomføringsevne. Vi ser etter deg som samarbeider godt, er fleksibel, løysingsorientert og bidreg til framdrift i prosjekt. Det vil bli lagt vekt på fagbakgrunn og eiga forskingserfaring (til dømes frå master) som er tematisk relevant for eitt eller fleire av kjerneområda til instituttet. Vi vektlegg og om du er personleg egna. 
 
Det er viktig for OsloMet å spegle befolkninga i regionen vår, og vi ønskjer alle kvalifiserte søkjarar velkommen. Vi arbeider aktivt med å utvikle oss vidare som ein inkluderande arbeidsplass og for å leggje til rette arbeidsplassen dersom du har behov for det. Har du periodar i livet der du ikkje har vore i arbeid, utdanning eller opplæring, er du også velkommen til å søkje hos oss.

Søknadsprosess

Vil du søkje på stillinga må du søkje via rekrutteringssystemet vårt.
Innan søknadsfristen må du saman med søknaden laste opp følgjande dokument: 

  • søknadsbrev
  • CV, alle sider av vitnemål og evt. attestar
  • masteroppgåva di 

Vi behandlar berre søknadar sendt via det elektroniske rekrutteringssystemet vårt, og alle dokument må lastast opp for at søknaden din skal behandlast. Dokumenta må vere på eit skandinavisk språk eller engelsk. Omsetjingar må vere autorisert, og du må rekne med å leggje fram originalar ved eit eventuelt intervju. OsloMet gjennomfører kontroll av dokument, slik at du som kandidat skal få ei reell evaluering og rettferdig konkurranse. Ufullstendige søknadar vil ikkje bli tekne til vurdering.
 
I samsvar med Forskrift om tilsetjingsvilkår for stillingar som postdoktor, stipendiat, vitskapleg assistent og spesialistkandidat, kan vi ikkje tilsetje personar som tidlegare har vore tilsett i stipendiatstillingar eller oppnådd tilsvarande kompetanse. 
 
Samla tilsetjingstid for vitskapleg assistent kan ikkje overstige to år. 

Vi tilbyr deg

  • moglegheiter for innsikt i vitskapleg arbeid og metode
  • interessante oppgåver ved Noregs tredje største og mest urbane universitet
  • deltaking i forskingsgruppe og eit kreativt og inspirerande fagmiljø
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar og eit omfattande tilbod av aktivitetar innan kultur og sport

Stillinga blir lønt i samsvar med Hovedtariffavtalane i staten og OsloMets lønnspolitikk i stillingskode 1020 vitskapleg assistent, i lønnsspenn kroner 448 900–502 300,– per år. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast. Frå lønna blir det trekt 2 % pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse (SPK). 
 
Tilsetjinga blir gjennomført etter prinsippa i Statsansatteloven (lovdata.no), og lovverk som regulerer eksport av kunnskap, teknologi og tenester. 

Andre opplysningar 

For nærare informasjon om stillinga, kontakt: forskingsleiar Mira Aaboen Sletten, mobiltelefon: 402 26 973 / e-post:  mira.sletten@oslomet.no
 

 

 

 

 

 

 

 

Ansettelsestype Åremålsstilling
Arbeidstid Heltid
Tiltredelse Etter avtale
Lønn Kr. 448 900 - 502 300
Antall ledige stillinger 1
Arbeidsomfang 100 %
Sted Oslo
Fylke Oslo
Land Norge
Referansenummer 23/06097
Kontakt
  • Mira Aaboen Sletten, 40226973
Publisert 01.09.2023
Søknadsfrist 22.09.2023

Inapoi la locuri de munca vacante