Denne annonsen er ikke tilgjengelig!
OsloMet – storbyuniversitetet er det tredje største universitetet i Noreg, med nesten 22 000 studentar og over 2500 tilsette. Vi har campus i Oslo sentrum og på Romerike. OsloMet leverer forsking og utdanning med høg relevans for arbeidslivet, velferdsstaten og storbyregionen.
Avdeling for FoU har ansvar for institusjonell koordinering og rådgiving til universitetsleiinga og fakultet og senter i saker relatert til forsking, forskingsadministrasjon, forskarutdanning, samfunnsforbetringar, innovasjon og berekraft. Avdelinga har oppgåver knytta til internasjonalt samarbeid og eksternfinansiering.
OsloMet - storbyuniversitetet søkjer etter seksjonssjef til Avdeling for forsking og utvikling (FoU) i den sentrale administrasjonen ved universitetet.
OsloMet har hatt ei god utvikling som forskingsuniversitet dei siste åra. Som ledd i å føre denne utviklinga vidare blir avdelinga delt i to seksjonar frå 1. juli i år. Seksjonssjefen blir leiar for Seksjon for forsking og samfunnsforbetringar. Seksjonen har 12 faste medarbeidarar, samt nokre mellombelse stillingar.
Seksjonen har ansvar for eit stort og samansett fagområde, inkludert forskingsstøtte, forskarutdanning og støtte til universitetets arbeid med samfunnsforbetringar, inkludert innovasjon og berekraft. Seksjonen vil derfor trenge gode arbeidsfellesskap på tvers av ulike fagfelt.
Seksjonssjefen vil ha ei sentral rolle i å utvikle den nye seksjonen sitt samarbeid med andre einingar i og utanfor avdelinga, inkludert universitetsleiinga og fakultet og senter ved OsloMet.
Seksjonssjefen vil inngå i leiargruppa i avdelinga og rapporterer til forskingsdirektøren.
At du er personleg eigna for stillinga vil bli tillagt vekt.
Det er viktig for OsloMet å spegle befolkninga i regionen og vi ønskjer alle kvalifiserte søkjarar velkommen. Vi arbeider aktivt med å utvikle oss vidare som ein inkluderande arbeidsplass og for å tilretteleggje arbeidsplassen dersom du har behov for det. Har du periodar i livet der du ikkje har vore i arbeid, utdanning eller opplæring er du også velkommen til å søkje hos oss.
Du må laste opp attestar og alle sider av vitnemål. Dokumenta må vere på engelsk eller eit skandinavisk språk. Oversetjingar må vere autoriserte. Du må vise fram originalar ved eit eventuelt intervju. OsloMet gjennomfører kontroll av dokument, slik at du som kandidat skal få ei reell evaluering og rettferdig konkurranse.
Ønskjer du nærmare informasjon om stillinga kan du kontakte:
Stillinga blir lønna i samsvar med Hovudtariffavtalene i staten og OsloMets lønnspolitikk i 1211 seksjonssjef, lønnstrinn 75 - 83, tilsvarande kroner 759 100 – 942 700 per år. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast. Frå lønna blir det trekt 2 prosent i lovfesta innskot i Statens Pensjonskasse.
Vil du søkje på stillinga må du søkje elektronisk i rekrutteringssystemet vårt.
Søknadsfrist: 27. mai
Ref: 24/12214
Ansettelsestype | Fast stilling |
---|---|
Arbeidstid | Heltid |
Tiltredelse | Etter avtale |
Lønn | 759 100 - 942 700 |
Antall ledige stillinger | 1 |
Arbeidsomfang | 100 % |
Sted | Oslo |
Fylke | Oslo |
Land | Norge |
Referansenummer | 24/12214 |
Kontakt |
|
Publisert | 10.05.2024 |
Søknadsfrist | 27.05.2024 |