Senter for profesjonsstudier (SPS)

OsloMet –  storbyuniversitetet er landets tredje største universitet, med over 20 000 studenter og mer enn 2000 ansatte. OsloMet leverer kunnskap og yrkesutøvere samfunnet er avhengig av, og er tett på arbeidslivets behov. OsloMet er et urbant og mangfoldig universitet med internasjonalt preg og et attraktivt studie- og arbeidssted med studiesteder midt i Oslo og på Kjeller ved Lillestrøm. Tilstedeværelsen i hovedstadsregionen gir universitetet gode muligheter til å forstå og høste fordelene av byens varierte befolkningssammensetning.

Senter for profesjonsstudier skal utvikle studier av profesjoner som et tverrvitenskapelig forskningsfelt.

Vikariat studieadministrasjon

Ved Senter for profesjonsstudier er det ledig eit års vikariat som førstekonsulent. Vi ser etter deg som kan å ta hand om studieadministrative oppgåver ved senteret. Du vil kome tett på alle oppgåver ved senteret og vil derfor kunne bli involvert også i andre administrative oppgåver.

Stillinga er ei av fem administrative stillingar ved senteret.

Dine arbeidsoppgåver:
• studieadministrasjon for senteret sine ph.d.-kurs (administrativt organisere nye kurs, annonsere på nettsider, registrere deltakarar, hjelpe til med praktisk gjennomføring og tildeling av kursbevis)
• studieadministrasjon for OsloMets Basisemne i høgskule- og universitetspedagogikk (UH-ped), rettleiarkurs og Meritteringsordning for fremragende undervisere
• andre oppgåver i administrasjonen ved behov og evner

Du må ha
• utdanning frå universitet eller høgskule, på bachelor- eller masternivå. Lang relevant praksis kan kompensere for kravet om formell utdanning.
• gode føresetnadar for å utføre oppgåvene gjennom bruk av gjeldande verktøy (blant anna Felles Studentsystem (FS) og Canvas) og i tråd med lover og regelverk.

Du bør ha
• utdanning på masternivå
• interesse og forståing for studieadministrasjon, forskarutdanning og forsking
• kjennskap til nettpublisering

Vi ynskjer deg som
• er nøyaktig, initiativrik og serviceorientert
• samarbeider lett med andre
• kan jobbe sjølvstendig

Det er viktig for OsloMet å spegla menneska i regionen vår, og vi ønskjer alle kvalifiserte søkjarar velkomen. Vi arbeider aktivt for å utvikla oss vidare som ein inkluderande arbeidsplass og for å leggje til rette arbeidsplassen dersom du treng det. Har du hatt periodar i livet du ikkje har vore i arbeid, utdanning eller opplæring er du også velkomen til å søkja hjå oss.

Vi kan tilby deg
• høve til fagleg utvikling
• sosiale og hyggelege kollegaer i administrasjonen og blant resten av senteret
• ein fleksibel kvardag og gode velferdsordningar

Du må laste opp attestar og alle sider av vitnemål. Dokumenta må vere på engelsk eller eit skandinavisk språk. Omsetjingar må vera autoriserte. Dersom du vert innkalla til intervju må du visa fram originalen der. OsloMet kontrollerer dokument slik at du som kandidat skal få ei reell evaluering og ein rettferdig konkurranse.

Andre opplysningar
Dersom du ønskjer meir informasjon om stillinga, kan du ta kontakt med:

Silje Bringsrud Fekjær, fungerande senterleiar, tlf.: 67 23 50 88, silje@oslomet.no

Stillinga vert løna etter lønsregulativet til staten, førstekonsulent, stillingskode 1408, lønstrinn 43-54, kroner 402.600-479.600 per år. Høgare løn kan vurderast for særleg kvalifiserte søkjarar. Frå løna vert det trekt 2 % lovfesta innskot til Statens Pensjonskasse.

Du som søkjar kan med heimel i Offentleglova verte publisert på søkjarlista sjølv om du har bede om at søknaden vert handsama konfidensielt. Dersom det skjer vil du verte varsla før publisering.

Dersom du vil søkje på stillinga, må du søkje elektronisk på “logg inn og søk stillingen”.

Ansettelsestype - 1 år m/mulighet for forlengelse
Arbeidstid Heltid
Antall ledige stillinger 1
Arbeidsomfang 100%
Sted Oslo
Fylke Oslo
Land Norge
Referansenummer 20/02945
Kontakt
  • Silje Bringsrud Fekjær, 67 23 50 88
Publisert 05.03.2020
Søknadsfrist 02.04.2020

Wróć do ofert pracy