Divisjon for utdanning, Avdeling for utdanning, Seksjon for opptak og vurde

OsloMet – storbyuniversitetet er det tredje største universitetet i Noreg, med nesten 22 000 studentar og over 2500 tilsette. Vi har campus i Oslo sentrum og på Romerike. OsloMet leverer forsking og utdanning med høg relevans for arbeidslivet, velferdsstaten og storbyregionen.

Ønsker du å jobbe med opptak til høgare utdanning?

Seksjon for opptak og vurdering søkjer nå etter 4-5 førstekonsulentar til midlertidige engasjement på inntil seks månader. Oppstart måndag 17. Februar.     

Seksjonen har det overordna ansvaret for skoleeksamenar og for opptak til grunnutdanningane til universitetet, master, vidareutdanningar og praktisk-pedagogisk utdanning. Seksjonen har også noko systemansvar, samt ansvar for dei vurderingane universitet tek knytt til utanlandsk utdanningsdokumentasjon. Stillingane inngår i opptaksgruppa til seksjonen og har ansvar for saksarbeid knytt til fleire av dei ulike opptaka til universitetet.

Dei viktigaste arbeidsoppgåvene dine vil vera

  • saksarbeid knytt til søknader om opptak
  • svare på førespurnader frå søkjarar på e-post og telefon  

Vi ser etter deg som har

  • minst bachelorgrad eller tilsvarande. Relevant erfaring kan kompensere for kravet om formell utdanning.
  • evne til å raskt sette deg inn i regelverk og digitale søknadssystem
  • kunnskap om norsk vidaregåande skule og høgare utdanning 

Det er ein fordel at du har

  •  gode IT-kunnskapar
  •  gode språkkunnskapar

Vi ynskjer deg som  

  • er systematisk
  • har god gjennomføringsevne
  • har gode kommunikasjonsevner og er samarbeidsvillig
  • kan jobbe i et hektisk og livleg arbeidsmiljø

At du er personleg eigna for stillinga vil bli tillagt vekt. 
 
Det er viktig for OsloMet å spegla menneska i regionen og vi ønskjer alle kvalifiserte søkjarar velkomen. Vi arbeidar aktivt for å utvikla oss vidare som ein inkluderande arbeidsplass og for å leggje til rette arbeidsplassen dersom du treng det. Har du periodar i livet der du ikkje har vore i arbeid, utdaning eller opplæring er du også velkomen til å søkja hos oss.

Vi kan tilby deg

  • spennande jobb på Noregs tredje største og mest urbane universitet i Noreg
  • moglegheit for å bidra til OsloMets omfattande opptaksarbeid
  • eit godt arbeidsmiljø og fleksibel arbeidstid
  • aktivitetsstyrt arbeidsplass
  • gode velferdsordningar (blant annet bedriftsidrettslag og ei rekke kulturtilbod)
  • trening i arbeidstida 

Vi handterer berre søknader sendt via vårt elektroniske rekrutteringssystem og alle dokumenter må bli lasta opp for at din søknad skal bli håndtert. Dokumenta må vera på engelsk eller eit skandinavisk språk. Omsetjingar må vera autoriserte. Dersom du vert innkalla til intervju må du visa fram originalen der. OsloMet gjennomfører kontroll av dokument, slik at du som kandidat skal få ei reell evaluering og ein rettferdig konkurranse.

Andre opplysningar

Dersom du ønskjer meir informasjon om stillinga, kan du ta kontakt med:

  • seniorrådgiver Geir Magne Haraldseid-Lund, tlf. 67 23 59 86

Stillinga blir lønna i samsvar med Hovudtariffavtalane i staten og OsloMets lønnspolitikk i stillingskode 1408 førstekonsulent, kroner 448 900 – 532 200 per år. For særskild kvalifiserte søkarar kan ein vurdere høgare løn. Frå lønna blir det trekt 2 prosent i lovfesta innskot i Statens Pensjonskasse. 
 
Du som søkjar kan med heimel i Offentleglova verta publisert på søkjarlista sjølv om du har bede om at søknaden vert handtert konfidensielt. Om det skjer vil du verta varsla før publisering. 
 
Vil du søkje på stillinga må du søkje elektronisk i rekrutteringssystemet vårt.  
 
Søknadsfrist:          12. januar 
Ref.: 24/28053 

Ansettelsestype Temporary position
Arbeidstid Heltid
Tiltredelse 17.februar 2025
Lønn 448 900 – 532 200
Antall ledige stillinger 5
Arbeidsomfang 100%
Sted Pilestredet
Fylke Oslo
Land Norge
Referansenummer 24/28053
Kontakt
  • Geir Magne Haraldseid-Lund, 67235986
Publisert 20.12.2024
Søknadsfrist 12.01.2025
Logg inn og søk stillingen

Tilbake til ledige stillinger