OsloMet - storbyuniversitetet

OsloMet – storbyuniversitetet er det tredje største universitetet i Noreg, med nesten 22 000 studentar og over 2500 tilsette. Vi har campus i Oslo sentrum og på Romerike. OsloMet leverer forsking og utdanning med høg relevans for arbeidslivet, velferdsstaten og storbyregionen.

Fakultet for lærerutdanning og internasjonale studier (LUI) har ca. 650 ansatte og 7400 studenter, og holder til i Oslo og Akershus. Fakultetet består av fire institutter og Nasjonalt senter for flerkulturell opplæring (NAFO). Fakultetet utdanner fremtidens lærere fra barnehage til og med videregående skole, i nært samarbeid med praksisfeltet. Fakultetet tilbyr ph.d. i utdanningsvitenskap for lærerutdanning. I tillegg tilbyr fakultetet utviklingsstudier og utdanning i tegnspråk og tolking. Mangfold er en kjerneverdi for fakultetets virksomhet. Forsknings- og utviklingsarbeidet er profesjonsrettet, praksisnært og internasjonalt orientert.

Institutt for barnehagelærerutdanning (BLU) har sterke fagmiljøer som bidrar til forskningsbasert kunnskap av relevans for samfunnets utfordringer på barnehagefeltet. Instituttet utvikler sine utdanninger i nært samarbeid med praksisfeltet gjennom studentenes praksisopplæring og gjennom forsknings- og innovasjonsprosjekter. Instituttet tilbyr bachelorstudier i barnehagelærerutdanning, masterstudium i barnehagekunnskap og etter- og videreutdanninger.

Ved Institutt for barnehagelærarutdanning ved Fakultet for lærarutdanning og internasjonale studiar er det ledig inntil fire 100 % faste stillingar som førsteamanuensis/førstelektor i barnehagepedagogikk med tilsetjing frå 1. august 2025. Det er spesielt innanfor fagområda leiing, rettleiing, spesialpedagogikk og kulturell kompleksitet vi treng fleire dyktige medarbeidarar.

Institutt for barnehagelærarutdanning har om lag 2000 studentar og 135 tilsette, og er lokalisert i Pilestredet i Oslo sentrum. Instituttet tilbyr bachelor i barnehagelærarutdanning og master i barnehagekunnskap, samt ei rekkje etter- og vidareutdanningskurs. Fakultetet tilbyr ph.d. i utdanningsvitskap for lærarutdanning. Instituttet har eit utstrekt samarbeid med barnehagar og institusjonar som er relevante for arbeidet vårt.

Kollegiet samarbeider i tverrfaglege undervisningsteam. Pedagogikk inngår i mange emne, både på grunnutdanninga, på masterprogrammet, i vidareutdanning på oppdrag, Regional ordning og Kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande praksis.

Les meir om fakultetet og instituttet: Oslomet.no/om/LUI
Les meir om forskargruppene våre: Oslomet.no/forskning/forskningsgrupper


Arbeidsoppgåver:

  • undervise, rettleie og vurdere på bachelor-,eventuelt master- og ph.d.-nivå, samt på etter- og vidareutdanningstilbod (EVU-tilbod)
  • følgje opp studentar i praksisopplæring
  • arbeide med oppdragsfinansierte samarbeid med praksisfeltet avhengig av søkjar sin kompetanse og instituttet sine behov
  • gjennomføre eige forskings- og utviklingsarbeid
    Lærarutdanningsprofilen og profesjonsretta forskings- og utviklingsarbeid står sentralt ved fakultetet. Difor er det viktig at den som blir tilsett, er innstilt på å orientere seg mot profesjonsspesifikke problemstillingar innanfor barnehagefeltet.
  • ta initiativ til og delta i utviklinga av større forskingsprosjekt og søknader om ekstern finansiering saman med kollegaer i fagmiljøet
  • oppsøkje og delta i forskingssamarbeid med nasjonale og internasjonale samarbeidspartnarar
  • formidle forskingsresultat til fagmiljøa og samfunnet elles
  • bidra i arbeidet med å vidareutvikle fagmiljøet og utdanningane ved instituttet
  • utføre fagleg-administrative oppgåver

Kvalifikasjonskrav:

Til stilling som førsteamanuensis krevst:

  • doktorgrad i utdanningsvitskap, pedagogikk eller tilsvarande

Som søkjar må du dokumentere relevant utdanningsfagleg kompetanse i samsvar med OsloMet sine Retningsliner for vurdering av utdanningsfagleg kompetanse.

Til stilling som førstelektor krevst:

  • dokumentert omfattande forskings- og utviklingsarbeid som i kvalitet og omfang svarer til arbeidsmengde og nivå for ei doktorgradsavhandling i utdanningsvitskap, pedagogikk eller tilsvarande
  • spesielle kvalifikasjonar innanfor undervisning eller annan pedagogisk verksemd skal få stor vekt
  • dokumentert relevant praktisk-pedagogisk kompetanse på grunnlag av utdanning eller undervisning og rettleiing

Til begge stillingane krevst:

  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk eller eit anna skandinavisk språk (minimum B2-nivå) og engelsk

Dei generelle kriteria for tilsetting i undervisnings- og forskingsstillingar følgjer av «Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger (FOR-2006-02-09-129)», jf. overgangsreglar omtala i Forskrift til universitets- og høyskoleloven § 13.2.

Ved vurdering og rangering av kvalifiserte søkjarar vil det bli lagt vekt på:

  • forskings- og utviklingsarbeid som er relevant for stillinga
  • røynsle med forskingsnettverk og prosjekt med ekstern finansiering
  • potensial for prosjektakkvisisjon
  • røynsle med og kunnskap om følgande felt: leiing, kulturell kompleksitet, spesialpedagogikk og rettleiing
  • undervisningsrøynsle på bachelor- og masternivå, fortrinnsvis frå barnehagelærarutdanninga
  • pedagogiske evner
  • kjennskap til og/eller røynsle frå barnehagefeltet
  • god digital kompetanse, inkludert røynsle med studentaktive læringsformer og bruk av digitale undervisnings- og vurderingsverktøy
  • god evne til å kommunisere og samarbeide med studentar og kollegaer
  • personlege eigenskapar som kan bidra positivt til arbeidsmiljøet

Vi legg òg vekt på om du er personleg egna.

OsloMet gjennomfører prøving av pedagogiske kvalifikasjonar i samband med intervju.

Det er viktig for OsloMet å spegle folkesetnaden i regionen vår, og vi ønsker alle kvalifiserte søkjarar velkomne. Vi arbeider aktivt med å utvikle oss vidare som ein inkluderande arbeidsplass og for å legge til rette arbeidsplassen dersom du har behov for det. Har du periodar i livet der du ikkje har vore i arbeid, utdanning eller opplæring, er du òg velkommen til å søkje hos oss.

Søknadsprosess:

Vil du søke på stillinga, må du søke via rekrutteringssystemet vårt.

Søknaden din blir vurdert av ein sakkyndig komité. Innan søknadsfristen må du saman med søknaden laste opp følgjande dokument:

  • søknadsbrev.
  • CV, attestar og alle sider av vitnemål
  • fullstendig publikasjonsliste
  • inntil 10 vitskapelege arbeider, og ein oversikt over desse, inkludertph.d.-avhandling dersom det er relevant
  • kontaktinformasjon til 2 referansar

For førsteamanuensis:

  • dokumentasjon av utdanningsfagleg kompetanse inkludert profileringsdokument

Søkjarar som ikkje kan dokumentere universitetspedagogisk basiskompetanse, må opparbeide dette innan to år frå dei startar i stillinga.  OsloMet tilbyr emne i universitetspedagogikk som dekker dette kravet.

For førstelektor:

  • dokumentert relevant praktisk-pedagogisk kompetanse på grunnlag av utdanning eller undervisning og rettleiing

OsloMet behandlar berre søknader som er sendt via det elektroniske rekrutteringssystemet, og alle dokument må lastast opp for at søknaden din skal bli behandla. Dokumenta må vere på eit skandinavisk språk eller engelsk. Omsetjingar må vere autoriserte, og originalar må visast fram ved eit eventuelt intervju. OsloMet gjennomfører kontroll av dokument slik at alle kandidatar skal få ei reell evaluering og rettferdig konkurranse. Ufullstendige søknader vil ikkje bli tekne til vurdering.

Før søknadspapira blir sende til dette utvalet, vil alle søknadene bli gjennomgått ved fakultetet. Søknader frå ikkje-kvalifiserte søkjarar vil ikkje bli sende til vurdering.

Tilsetjinga blir gjennomført etter prinsippa i Statsansattelova (lovdata.no) og lovverk som regulerer eksport av kunnskap, teknologi og tenester.

OsloMet har slutta seg til prinsippa i DORA-erklæringa og forplikta institusjonen til å følgje anbefalingane i denne.

Har du dokument som ikkje kan lastast opp elektronisk, kontakt Ingrid Andvin Tsolakis på e-post: iats@oslomet.no

Vi tilbyr

  • interessante oppgåver ved Noregs tredje største universitet
  • deltaking i forskingsgruppe og eit kreativt og inspirerande fagmiljø
  • moglegheiter til fagleg utvikling
  • tid til profesjonsnært forskings- og utviklingsarbeid
  • låne- og pensjonsvilkår i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar og eit omfattande tilbod av aktivitetar innan kultur og sport

Andre opplysningar:

For nærare informasjon om stillinga kan følgjande kontaktast:

  • Studieleiar Geir Aaserud, mobil +47 922 42 810/e-post:
    Geir.Aaserud@oslomet.no
  • Studieleiar Cathrine Døscher, mobil + 47 454 66 071/e-post: cathrine.doscher@oslomet.no

Stillinga blir løna etter Statens lønsregulativ og OsloMets lønspolitikk, som førsteamanuensis i kode 1011 og førstelektor i kode 1198, lønssteg 63–74 (frå kr 615 700 til kr 745 000 per år). Frå lønna blir det trekt 2 % pensjonsinnskot til SPK.

For spesielt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast.

Søk elektronisk på stillinga ved å nytte knappen nedst på sida «Logg inn og søk stillinga».

Ansettelsestype Fast stilling
Arbeidstid Heltid
Tiltredelse 01.08.2025
Lønn frå kr 615 700 til kr 745 000 per år
Antall ledige stillinger 4
Arbeidsomfang 100 %
Sted Oslo
Fylke Oslo
Land Norge
Referansenummer 24/26929
Kontakt
  • Geir Aaserud, Geir.Aaserud@oslomet.no, +4792242810
  • Cathrine Døscher, cathrine.doscher@oslomet.no, +4745466071
Publisert 06.12.2024
Søknadsfrist 05.01.2025
Logg inn og søk stillingen

Tilbake til ledige stillinger