Divisjon for utdanning, Avdeling for utdanning, Seksjon for analyse og kvalitetsutvikling

OsloMet – storbyuniversitetet er det tredje største universitetet i Noreg, med nesten 22 000 studentar og over 2500 tilsette. Vi har campus i Oslo sentrum og på Romerike. OsloMet leverer forsking og utdanning med høg relevans for arbeidslivet, velferdsstaten og storbyregionen.

Vil du vere med og styrke studieadministrativ forvaltning ved OsloMet? 

Vi søker deg som kan bidra i ei breidde av saker, frå handsaming av mistanke om fusk til dialog med fakultet om bruk av regelverk. Du vil bidra til å bygge god forvaltningspraksis for studieadministrasjonane sine behov og problemstillingar. Saman med to andre juristar og ei kompetent avdeling vil du bidra til betre studieadministrativ forvaltning både ved fakultet og i fellesadministrasjonen.

Stillinga ligg under seksjon for analyse og kvalitetsutvikling i avdeling for utdanning. Seksjonen har ansvaret for OsloMets felles regelverk på det studieadministrative området, OsloMets kvalitetssystem, statistikk og analysearbeid, samt overordna oppfølging av studieporteføljen. Avdelinga har i tillegg ansvar innan opptak og vurdering, digitale tenester, studentliv og internasjonalisering. Du vil både få fordjupe deg i juridiske problemstillingar og bidra i avdelinga sitt arbeid med utdanning.

I seksjon for analyse og kvalitetsutvikling har vi som regel mange parallelle arbeidsoppgåver. Du må kunne jobbe sjølvstendig og kunne prioritere, for å levere innanfor gitte fristar. Vi jobbar saman om mange av oppgåvene våre og deler kunnskap med kvarandre. Vi forventar at du bidrar til godt samarbeid og faglege diskusjonar, og at du gjer juss og regelverk tilgjengeleg og forståeleg både for tilsette og studentar.

Dei viktigaste arbeidsoppgåvene dine vil vere

  • støtte fakultet og andre einingar i studieadministrativ forvaltning
  • rettleiing og kompetanseheving innan regelverket avdelinga forvaltar
  • bidra inn i forvaltning av OsloMets interne regelverk
  • arbeid for nemnd for skikkasaker og nemnd for studentsaker ved OsloMet
  • fagleg støtte til institusjonsansvarleg for skikkavurderingar

Andre oppgåver kan leggast til stillinga.

Vi ser etter deg som har

  • mastergrad i rettsvitskap / juridisk embetseksamen
  • gode norskkunnskapar og engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg

Det er ein fordel at du har

  • erfaring frå offentleg forvaltning, gjerne universitets- og høgskolesektoren
  • erfaring med skikkasaker eller andre komplekse studentsaker
  • erfaring med å tolke regelverk og gi råd om forvaltning av regelverk

Vi ønsker deg som

  • tar initiativ og kan jobbe sjølvstendig og resultatorientert
  • har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • bidrar til godt arbeidsmiljø

Vi legg vekt på å vere personleg eigna for stillinga.

Det er viktig for OsloMet å spegla menneska i regionen vår, og vi ønsker alle kvalifiserte søkarar velkomen. Vi arbeidar aktivt for å utvikla oss vidare som ein inkluderande arbeidsplass og for å legge til rette arbeidsplassen dersom du treng det. Har du periodar i livet kor du ikkje har vore i arbeid, utdanning eller opplæring, er du også velkomen til å søke hos oss.

Vi kan tilby deg

  • spennande arbeidsoppgåver innan studieadministrasjon og offentleg forvaltning
  • engasjerte og kompetente kollegaer
  • arbeidsstad sentralt i Oslo
  • låne- og pensjonsvilkår i Statens Pensjonskasse
  • fleksibel arbeidstid og gode velferdsordningar

Vi behandlar berre søknader sendt gjennom vårt elektroniske rekrutteringssystem og alle dokument må vere lasta opp for at vi skal kunne behandle din søknad. Dokumenta må vere på eit skandinavisk språk eller engelsk. Omsettingar må vere autoriserte. Dersom du vert invitert til intervju, må du vise fram originalar der. OsloMet kontrollerer dokument slik at du som kandidat skal få ei reell vurdering og ein rettferdig konkurranse.

Andre opplysningar

Dersom du ønskjer meir informasjon om stillinga, kan du ta kontakt med:

  • Kyrre Matias Goksøyr, seksjonssjef, telefon 672 35 830, kyrremat@oslomet.no
  • Håkon Solberg, utdanningsdirektør, telefon 672 38 005 

Stillinga blir lønna i samsvar med Hovudtariffavtalane i staten og OsloMets lønnspolitikk i 1434 rådgjevar, lønnstrinn 50­­–66, tilsvarande kroner 502 300–646 000. Høgare lønn kan vurderast for særleg kvalifiserte søkarar. Frå lønna vert det trekt 2 % lovfesta innskot til Statens Pensjonskasse.

Du som søkar kan med heimel i Offentleglova bli publisert på søkarlista sjølv om du har bedt om at søknaden skal bli handsama konfidensielt. Om det skjer, vil du bli varsla før publisering.

Dersom du vil søke på stillinga, må du søke elektronisk i rekrutteringssystemet vårt.

Søknadsfrist:          7. august 2024 
Ref.:                        24/22041

Ansettelsestype Fast stilling
Arbeidstid Heltid
Tiltredelse Etter avtale
Lønn 502 300 - 646 000
Antall ledige stillinger 1
Arbeidsomfang 100 %
Sted Oslo
Fylke Oslo
Land Norge
Referansenummer 24/22041
Kontakt
  • Kyrre Matias Goksøyr, 67235830
  • Håkon Solberg, 67238005
Publisert 05.07.2024
Søknadsfrist 07.08.2024
Logg inn og søk stillingen

Del lenker - Tips en venn

Tilbake til ledige stillinger