Senter for velferds- og arbeidslivsforskning (SVA), Forbruksforskningsinstituttet SIFO

OsloMet - storbyuniversitetet er Norges tredje største universitet med nesten 22 000 studenter og over 2500 ansatte. Vi har campus i Oslo sentrum og på Romerike. OsloMet leverer forskning og utdanning med høy relevans for arbeidslivet, velferdsstaten og storbyregionen.

Senter for velferds- og arbeidslivsforskning (SVA) ved OsloMet - storbyuniversitetet består av Arbeidsforskningsinstituttet (AFI), Velferdsforskningsinstituttet NOVA, By- og regionforskningsinstituttet NIBR og Forbruksforskningsinstituttet SIFO.

Om stillinga

Har du lyst til å leie ei eining med dyktige og engasjerte forbruksforskarar? Vi er på jakt etter ein fagperson som ønskjer å vidareutvikle og leie våre dedikerte og ambisiøse forskarar innan teknologi og berekraftig forbruk, og som vil bidra til ei positiv samfunnsutvikling gjennom sine medarbeidarar.

Forskningsgruppa for Forbrukarpolitikk og økonomi består av 14 medarbeidarar med spisskompetanse innan personleg økonomi, sårbare forbrukarar og forbrukarpolitikk. Gruppa har også ansvar for SIFOs referansebudsjett, som er eit av våre stolte flaggskip. Eininga er ei av tre forskingsgrupper, som saman med administrasjonen, utgjer SIFO.

Det meste av SIFOs forsking skjer på tvers av dei ulike forskingsgruppene i SIFO, men også innan Senter for velferds- og arbeidslivsforsking (SVA) og med eksterne forskarar i innland og utland. SIFO består av forbruksforskarar med bakgrunn frå ulike samfunnsvitskaplege disiplinar og humaniora. Fleire har også tverrfagleg bakgrunn, til dømes frå ingeniørfag. Mesteparten av forskinga vår er finansiert gjennom konkurranse om oppdrag og bidragsprosjekt, blant anna frå Forskningsrådet, departement og EU.

Vi er opptatt av å publisere og formidle forskinga vår for å gjere den tilgjengeleg for fagfeller, undervisning og politikkutforming. Vi plikter å utøve samfunnsmedverknad, noko som inneber at forskinga skal vere relevant for omgjevnadene.

Som forskingsleiar for Forbrukarpolitikk og økonomi blir du ein del av eit fagleg sterkt og hyggeleg arbeidsmiljø. Du vil bli ein del av SIFOs leiargruppe og får moglegheit til å prege utviklinga av forbruksforskinga i Noreg.

Du må ha solid samfunnsvitskapleg forskingskompetanse, gode leiingseigenskapar og evne til å skape eit godt arbeidsmiljø. Du blir ein del av eit leiarteam som er opptatt av å skape forutsigbarheit og sikre tillit og gjensidig støtte, samt forankring av avgjerder. Leiargruppa består av to andre forskingsleiarar, administrativ leiar og FoU-ressurs samt instituttleiar. Du vil rapportere direkte til instituttleiar Jorge B. Jensen.

Les meir om Forbruksforskningsinstituttet SIFO: Om SIFO Les meir om eininga for Forbrukarpolitikk og økonomi på SIFO: Forbrukarpolitikk og -økonomi - OsloMet

Dine arbeidsoppgåver og ansvarsområde vil vere å:

  •  leie utviklinga av einingas overordna faglege mål innanfor instituttets strategiar og rammebetingelsar
  • initiere og legge til rette for søknadsarbeid og prosjektinnhenting
  • ha personal- og budsjettansvar
  • vidareutvikle forskingssamarbeid mellom eininga og miljø i og utanfor SIFO og OsloMet
  • bidra til strategisk leiing av instituttet, herunder fungere som bindeledd mellom forskingsgruppa og øvrig leiing
  • drive med eigen forsking i 20 % av full stilling 

Kvalifikasjonskrav

Du må ha:

  • doktorgrad innan relevant fagområde
  • god kjennskap til oppdragsmarknaden og verkemiddelapparatet
  • erfaring med prosjektleiing og/eller leiing av forskingsgrupper
  • interesse for forbruksforsking
  • ambisjonar om å bidra til å påverke samfunnet med vitskaplege verkemiddel
  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk eller eit skandinavisk språk og engelsk

Det er ein fordel om du også har:

  • erfaring frå forsking på eitt eller fleire av SIFOs kjerneområde
  • erfaring med vitskapleg publisering og formidling
  • kjennskap til oppdragsmarknaden og ulike forskingsfinansiørar
  • god økonomiforståing og erfaring med budsjettarbeid

Personlege eigenskapar

Vi ser etter ein leiar som opptrer ryddig og er open. Som leiar med personalansvar og ansvar for faggruppas faglege utvikling, vil personleg eignaheit bli tillagt vekt. Personleg eignaheit bygger på skjønnsmessige vurderingar basert på individuelle intervju og samtalar med referansar. I denne stillinga vil blant anna faglege ambisjonar, strategiske evner, evne til å motivere medarbeidarar til prosjektinnhenting og ellers gode samarbeids- og kommunikasjonsevner bli vektlagt.

Generelle kriterium for tilsetjing i undervisnings- og forskarstilling framgår av Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger.

Det er viktig for OsloMet å spegle befolkninga i vår region. Vi arbeider aktivt med å utvikle oss vidare som ein inkluderande arbeidsplass og for å tilrettelegge arbeidsplassen dersom du har behov for det. Har du periodar i livet kor du ikkje har vore i arbeid, utdanning eller opplæring, er du også velkomen til å søke hos oss.

Vi tilbyr

  •  interessante oppgåver ved Noregs tredje største universitet
  • moglegheiter til fagleg utvikling i eit spennande fag- og forskingsmiljø
  • tilgang til leiar-kurs, inkludert også påfyllingskurs
  • eit inkluderande og godt arbeidsmiljø
  • fleksibel arbeidstid og gode velferdsordningar
  • låne- og pensjonsvilkår i Statens Pensjonskasse 

Andre opplysningar

  • Stillinga lønnes i henhald til Hovudtariffavtalane i staten og OsloMet sin lønnspolitikk som forskingssjef med stillingskode 1111, tilsvarande kroner 796 600 – 919 200 per år. Frå lønna trekkes 2 % pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse (SPK). For spesielt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast.
  • Stillinga er på åremål for fire år, med moglegheit for forlenging.
  • Åremålsstillinga som forskingsleiar inneber 80 % leiar-tid og 20 % forskingstid.
  • OsloMet vil vere avtalepart i arbeidskontrakten og dermed også den formelle arbeidsgivaren.
  • Etter endt åremål vil stillingsinnhaldet endrast til forskar med 100 % forskingstid, i stillingskode 1109 forskar II.

Søknadsprosess

Søknader vil bli behandla via OsloMet sitt rekrutteringssystem. Innan søknadsfristen må du saman med søknaden laste opp følgjande dokument:

  • Søknadsbrev der du beskriv deg sjølv i henhald til krava og ønska i utlysingsteksten
  • CV og alle sider av vitnemål og evt. attestar
  • Fullstendig publikasjonsliste
  • Inntil 10 vitskaplege arbeid, og ei oversikt over desse, inkl. ph.d.-avhandling, dersom relevant.

Vi behandlar kun søknader sendt via vårt elektroniske rekrutteringssystem, og alle dokument må lastast opp for at søknaden din skal behandlast. Dokumenta må vere på eit skandinavisk språk eller engelsk. Omsetjingar må vere autoriserte, og du må pårekne å framvise originalar ved eit eventuelt intervju. OsloMet gjennomfører kontroll av dokument. Ufullstendige søknader vil ikkje bli tatt til vurdering.

Kontaktopplysningar

Ønskjer du nærare informasjon om stillinga, kan du kontakte:

  • Instituttleiar Jorge B. Jensen, mobiltelefon: 930 84 578 (epost: jorge.jensen@oslomet.no) eller
  • Seniorrådgjevar HR Tanja Blickfeldt Jørgensen, mobiltelefon: 950 69 344 (epost: tanjablickfeldt.jorgensen@oslomet.no) 
Ansettelsestype Åremålsstilling
Arbeidstid Heltid
Tiltredelse Etter avtale
Lønn kroner 796 600 – 919 200 brutto per år
Antall ledige stillinger 1
Arbeidsomfang 100%
Sted Oslo
Fylke Oslo
Land Norge
Referansenummer 24/21979
Kontakt
  • Jorge Jensen, 93084578
Publisert 08.07.2024
Søknadsfrist 31.07.2024
Logg inn og søk stillingen

Del lenker - Tips en venn

Tilbake til ledige stillinger