Divisjon for forskning, utvikling og universitetsbibliotek, Avdeling for forskning og utvikling, Seksjon for juridiske tjenester og strategi

OsloMet – storbyuniversitetet er det tredje største universitetet i Noreg, med nesten 22 000 studentar og over 2500 tilsette. Vi har campus i Oslo sentrum og på Romerike. OsloMet leverer forsking og utdanning med høg relevans for arbeidslivet, velferdsstaten og storbyregionen.

Nyoppretta leiarstilling ved Avdeling for FoU

Avdeling for FoU har ansvar for institusjonell koordinering og rådgiving til universitetsleiinga og fakultet og senter i saker relatert til forsking, forskingsadministrasjon, forskarutdanning, samfunnsforbetringar, innovasjon og berekraft. Avdelinga har oppgåver knytta til internasjonalt samarbeid og eksternfinansiering.

OsloMet - storbyuniversitetet søkjer etter seksjonssjef til Avdeling for forsking og utvikling (FoU) i den sentrale administrasjonen ved universitetet. 

OsloMet har hatt ei god utvikling som forskingsuniversitet dei siste åra. Som ledd i å føre denne utviklinga vidare blir avdelinga delt i to seksjonar frå 1. juli i år. Seksjonssjefen blir leiar for Seksjon for juridiske tenester og strategi. Seksjonen har 5 faste medarbeidarar, samt ei mellombels stilling. 

Seksjonen gir juridisk rettleiing og råd til universitetsleiing, fakultet, senter og forskarar i saker relatert til forsking og innovasjon. Seksjonen medverkar med strategisk rådgjeving og har sekretariatsoppgåver for sentrale utval.

Vi søkjer deg som har relevant leiarerfaring og solid juridisk bakgrunn innanfor områda forskning og innovasjon, og gode kunnskapar om avtalar og regelverk på det statlege området. Vi legg vekt på eit breitt erfaringsgrunnlag frå arbeid og arbeidsleiing på kunnskapsområdet og gode samarbeidsevner.

Seksjonssjefen vil ha ei sentral rolle i å utvikle den nye seksjonen sitt samarbeid med andre einingar i og utanfor avdelinga, inkludert universitetsleiinga og fakultet og senter ved OsloMet. 

Seksjonssjefen vil inngå i leiargruppa i avdelinga og rapporterer til forskingsdirektøren.

Dine arbeidsoppgaver vil i hovudsak vere

  • leie og utvikle seksjonen med personal- og budsjettansvar
  • medverke i strategisk utvikling av Avdeling for FoU gjennom aktiv deltaking i leiargruppa
  • medverke til å utvikle strategiar og gjennomføre prosjekt og prosessar innanfor ansvarsområda i seksjonen
  • ansvar for å utvikle tenester som svarer på behov i OsloMets forskingsmiljø
  • leggje til rette for fagleg utvikling og kompetanseutvikling for medarbeidarane
  • ansvar for dei juridiske fagområda knytt til forskings- og innovasjonsområdet
  • ansvar for juridisk rådgjeving på avdelingas ansvarsområde overfor universitetsleiinga, fakultet og senter
  • ansvar for koordinering og kvalitetssikring av arbeidet i seksjonen
  • oppfølging av avdelinga sine strategiske og operative oppgåver på seksjonens arbeidsområde
  • nettverksbygging internt og eksternt

Vi søkjer deg som har

  • juridisk embetseksamen / master i rettsvitskap
  • solid juridisk erfaring og leiarerfaring frå områda forsking og innovasjon
  • relevant arbeidserfaring frå universitets- og høgskolesektoren eller andre kunnskapsorganisasjonar
  • erfaring frå strategiarbeid og administrasjon i større kunnskapsorganisasjoner
  • gode kunnskapar om lov- og regelverk i universitets- og høgskolesektoren
  • gode norsk- og engelskkunnskaper, skriftleg og munnleg
  • gode samarbeidsevner

Vi ønskjer deg som

  • har gode leiareigenskapar, og kan byggje tillit og relasjonar eksternt og internt
  • byggjer gode team og medverkar aktivt til utvikling av medarbeidarar og kollegaer rundt deg
  • har god analytisk kapasitet og ei strukturert arbeidsform, og evnar å koordinere eit breitt og samansett ansvarsområde
  • er resultatorientert og har stor gjennomføringsevne
  • finn gode løysingar, er ryddig, fleksibel og initiativrik

At du er personleg eigna for stillinga vil bli tillagt vekt.

Det er viktig for OsloMet å spegle befolkninga i regionen og vi ønskjer alle kvalifiserte søkjarar velkommen. Vi arbeider aktivt med å utvikle oss vidare som ein inkluderande arbeidsplass og for å tilretteleggje arbeidsplassen dersom du har behov for det. Har du periodar i livet der du ikkje har vore i arbeid, utdanning eller opplæring er du også velkommen til å søkje hos oss.

Vi kan tilby deg

  • spennande jobb ved Noregs tredje største universitet
  • gode tilhøve for å medverke til utviklinga på viktige og spennande område for OsloMet
  • eit godt arbeidsmiljø prega av samhandling, kunnskapsdeling og stort engasjement
  • låne- og pensjonsavtalar i Statens Pensjonskasse
  • fleksibel arbeidstid og gode velferdsordningar

Du må laste opp attestar og alle sider av vitnemål. Dokumenta må vere på engelsk eller eit skandinavisk språk. Oversetjingar må vere autoriserte. Du må vise fram originalar ved eit eventuelt intervju. OsloMet gjennomfører kontroll av dokument, slik at du som kandidat skal få ei reell evaluering og rettferdig konkurranse.

Andre opplysningar

Ønskjer du nærmare informasjon om stillinga kan du kontakte:

  • forskingsdirektør Yngve Foss, telefon 982 23 574

Stillinga blir lønna i samsvar med Hovudtariffavtalene i staten og OsloMets lønnspolitikk i 1211 seksjonssjef, lønnstrinn 75 - 83, tilsvarande kroner 759 100 – 942 700 per år. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast. Frå lønna blir det trekt 2 prosent i lovfesta innskot i Statens Pensjonskasse.

Vil du søkje på stillinga må du søkje elektronisk i rekrutteringssystemet vårt.

Søknadsfrist:          27. mai

Ref:                        24/14099

Ansettelsestype Fast stilling
Arbeidstid Heltid
Tiltredelse Etter avtale
Lønn 759 100 - 942 700
Antall ledige stillinger 1
Arbeidsomfang 100 %
Sted Oslo
Fylke Oslo
Land Norge
Referansenummer 24/14099
Kontakt
  • Yngve Foss, 98223574
Publisert 10.05.2024
Søknadsfrist 27.05.2024
Logg inn og søk stillingen

Del lenker - Tips en venn

Tilbake til ledige stillinger