Senter for velferds- og arbeidslivsforskning (SVA), Velferdsforskningsinstituttet NOVA

OsloMet –  storbyuniversitetet er landets tredje største universitet, med over 20 000 studenter og mer enn 2000 ansatte. OsloMet leverer kunnskap og yrkesutøvere samfunnet er avhengig av, og er tett på arbeidslivets behov. OsloMet er et urbant og mangfoldig universitet med internasjonalt preg og et attraktivt studie- og arbeidssted med studiesteder midt i Oslo og på Kjeller ved Lillestrøm. Tilstedeværelsen i hovedstadsregionen gir universitetet gode muligheter til å forstå og høste fordelene av byens varierte befolkningssammensetning.

Senter for velferds- og arbeidslivsforskning (SVA) ved OsloMet - storbyuniversitetet består av Arbeidsforskningsinstituttet (AFI), Velferdsforskningsinstituttet NOVA, By- og regionforskningsinstituttet NIBR og Forbruksforskningsinstituttet SIFO.

NOVA er ett av Norges største samfunnsvitenskapelige forskningsinstitutt med vekt på forskning om oppvekst, velferd, sosialpolitikk og eldre år.

Økonomi- og administrasjonssjef til forskingsinstitutt

Til Velferdsforskningsinstituttet NOVA søkjer vi økonomi- og administrasjonssjef til spanande og utfordrande stilling. Stillinga er både operativ og strategisk, og vil vera med på å utvikle NOVAs forskingsadministrasjon i åra som kjem.

Dei viktigaste arbeidsoppgåvene dine vil vera

  • personal- og fagleg ansvar for NOVAs administrasjon, inkludert økonomi, kommunikasjon, HR, dokumenthandsaming, kontordrift mv.)
  • rekneskapsrapportering til NOVAs leiing, OsloMet-leiinga og SVA-styret
  • budsjettering og prognosar
  • ansvarleg for utarbeiding av analysar, statistikkar, nøkkeltal og prognosar
  • utarbeide og ha eit samla overordna ansvar for økonomirapportering for NOVA
  • organisere det administrative arbeidet slik at det til all tid er effektivt og følger lovverk, avtaler og retningslinjer
  • sparringpartnar for direktør og leiargruppe i instituttets strategiarbeid
  • bistå direktør og leiargruppe i administrative spørsmål
  • bidra til formålstenleg samhandling mellom NOVA og andre einingar på OsloMet og SVA.

Vi ser etter deg som har

  • høgare utdanning innan økonomi og leiing på minimum masternivå
  • erfaring frå instituttsektoren og/eller universitets- og høgskulesektoren, inkl. kjennskap til relevant regelverk for verksemdstyring i Staten
  • leiarerfaring frå administrative fagområde
  • erfaring og kompetanse i strategisk arbeid
  • erfaring i bruk av digitale styringsverktøy som Hypergene, Teams mv.
  • solid forståing for prosjektorientert verksemd
  • må meistre eit skandinavisk språk og engelsk munnleg og skriftleg

Det er ein fordel at du har kompetanse med økonomi- og prosesstyring innan område som:

  • EUs rammeprogram
  • Forskingsrådsfinansiserte prosjekt
  • oppdragsfinansiert forsking
  • akkvisisjonsprosessar
  • prosjektleiing

Vi ynskjer deg som er

  • resultat- og løysingsorientert med stor gjennomføringskraft
  • strukturert, kvalitetsbevisst og grundig
  • profesjonell, positiv og serviceinnstilt
  • sjølvstendig, engasjert og initiativrik
  • analytisk og nysgjerrig på å finne gode løysingar
  • endringsorientert og endringsvillig
  • evner å prioritere oppgåver og overhalde tidsfristar
  • har gode samarbeidsevner og kommunikasjonseigenskaper
  • interessert i folk og bryr deg om medarbeidarane

Det er viktig for OsloMet å spegla menneska i regionen vår, og vi ønskjer alle kvalifiserte søkjarar velkomen. Vi arbeidar aktivt for å utvikla oss vidare som ein inkluderande arbeidsplass og for å leggje til rette arbeidsplassen dersom du treng det. Har du periodar i livet kor du ikkje har vore i arbeid, utdanning eller opplæring, er du også velkomen til å søkja hjå oss.

Vi kan tilby deg

  • moglegheiter for fagleg utvikling i ei spanande stilling ved eit av dei største universiteta i landet
  • eit godt arbeidsmiljø med gode kollegaar
  • låne- og pensjonsvilkår i Statens Pensjonskasse
  • fleksibel arbeidstid og gode velferdsordningar

Vi handsamar kun søknader sendt via vårt elektroniske rekrutteringssystem og alle dokument, som vitnemål og attestar, må vera lasta opp for at din søknad skal bli handsama. Dokumenta må vera på engelsk eller eit skandinavisk språk. Omsetjingar må vera autoriserte. Dersom du vert kalla inn til intervju, må du visa fram originalen der. OsloMet kontrollerer dokument slik at du som kandidat skal få ei reell evaluering og ein rettferdig konkurranse.

Andre opplysningar


OsloMet/NOVA brukar rekneskap- og prosjektstyringssystemet UBW, lønns- og HR-systemet SAP. Videre nyttar vi Excel i stor grad. Økonomi- og administrasjonssjefen rapporterer til NOVAs instituttdirektør.

Dersom du ønskjer meir informasjon om stillinga, kan du ta kontakt med:

  • direktør Guro Ødegård
  • seniorrådgjevar May-Lill Skogli

Stillinga vert løna etter lønsregulativet til staten, stillingskode og tittel. Lønnstrinn 78-84, p.t. kroner 776 900-919 700 per år. Frå løna vert det trekt 2 % lovfesta innskot til Statens Pensjonskasse.

Du som søkjar kan med heimel i Offentleglova verta publisert på søkjarlista sjølv om du har bede om at søknaden vert handsama konfidensielt. Viss det skjer, vil du verta varsla før publisering.

Ansettelsestype Fast stilling
Arbeidstid Heltid
Tiltredelse Etter avtale
Lønn 776 900-919 700
Antall ledige stillinger 1
Arbeidsomfang 100%
Sted Oslo
Fylke Oslo
Land Norge
Referansenummer 21/09852
Kontakt
  • May-Lill Skogli, 402 44 028
Publisert 14.09.2021
Søknadsfrist 28.09.2021

Tilbake til ledige stillinger