OsloMet – storbyuniversitetet er det tredje største universitetet i Noreg, med 23 000 studentar og over 2600 tilsette. Vi har campus i Oslo sentrum og på Romerike. OsloMet leverer forsking og utdanning med høg relevans for arbeidslivet, velferdsstaten og storbyregionen.
Seksjon for opptak og vurdering søkjer no etter 4–5 førstekonsulentar for eit mellombels engasjement på inntil seks månader med oppstart 16. februar 2026. Du må difor kunne starte på kort varsel.
Seksjonen har det overordna ansvaret for skuleeksamenar og for opptak til universitetet sine bachelor-, master- og vidareutdanningar. Seksjonen har òg eit visst systemansvar, i tillegg til ansvar for universitetet si vurdering av utanlandsk utdanningsdokumentasjon. Stillingane høyrer til seksjonen si opptaksgruppe og har ansvar for søknadsbehandling knytt til fleire av universitetet sine ulike opptak. Arbeidsstaden er campus i Pilestredet.
Det er ein fordel om du har gode IT-kunnskapar
Vi legg vekt på at du er personleg eigna for stillinga.
OsloMet skal spegle mangfaldet i folket og ønsker alle kvalifiserte søkarar velkomen. Vi arbeider aktivt md å utvikle oss vidare som ein inkluderande arbeidsplass og for å legge til rette arbeidsplassen dersom du treng det. Har du periodar i livet der du ikkje har vore i arbeid, utdanning eller opplæring, er du også velkomen til å søke hos oss.
Vi handterer berre søknadar som er sendt via vårt elektroniske rekrutteringssystem og du må laste opp alle dokument for at vi skal handtere søknaden din. Dokumenta må vere på engelsk eller eit skandinavisk språk. Omsetjingar må vere autoriserte. Du må ta med originalar ved eit eventuelt intervju. OsloMet gjennomfører kontroll av dokument slik at alle kandidatar skal få ei reell evaluering og ein rettferdig konkurranse.
Vil du vite meir om stillinga, kan du ta kontakt med:
Vi lønner stillinga etter vilkåra Hovudtariffavtalane i staten og lønnspolitikken til OsloMet i stillingskode 1408 – førstekonsulent med ei årsløn på kr 470 100 – 532 200 per år. For særskild kvalifiserte søkarar kan vi vurdere høgare lønn. Statens Pensjonskasse trekker 2% i pensjonsinnskot frå lønna.
Du som søkar kan med heimel i Offentleglova bli publisert på søkarlista sjølv om du har bede om at søknaden blir handtert konfidensielt. Dersom det skjer vil du bli varsla før publisering.
Vil du søke på stillinga må du søke elektronisk i rekrutteringssystemet vårt.
Søknadsfrist: 12. januar 2026.
Ref.: 25/22726
| TYPE_OF_EMPLOYMENT | Temporary position |
|---|---|
| HOURS | Heltid |
| Nynorska | 16. februar 2026 |
| Lønn | 470 100 - 532 200 |
| NUMBER_OF_POSITIONS | 1 |
| WORKING_HOURS | 100 % |
| Sted | Oslo |
| Fylke | Oslo |
| Land | Norge |
| REFERENCE_NUMBER | 25/22726 |
| CONTACT |
|
| PUBLISHED | 19.12.2025 |
| ENDS | 12.01.2026 |