Denne annonsen er ikke tilgjengelig!
OsloMet – storbyuniversitetet er det tredje største universitetet i Noreg, med nesten 22 000 studentar og over 2500 tilsette. Vi har campus i Oslo sentrum og på Romerike. OsloMet leverer forsking og utdanning med høg relevans for arbeidslivet, velferdsstaten og storbyregionen.
Instituttet er tilknyttet Fakultet for helsevitenskap og har omlag 3000 studenter og 250 tilsatte. Instituttet har virksomhet på Kjeller og i Pilestredet, Oslo.
Fakultet for helsevitskap, Institutt for sjukepleie og helsefremjande arbeid søkjer ein inspirerande og utviklingsorientert avdelingsleiar for fagområdet prehospitalt arbeid, med god innsikt i utdannings- og forskingssektoren. Fagområdet skal drive undervising og forsking av høg kvalitet og har for tida ansvaret for bachelorutdanninga i paramedisin og vidareutdanninga i medisinsk nødmeldeteneste. Det blir planlagt ei masterutdanning i prehospitalt arbeid i samarbeid med ein ekstern partnar.
Tilsetjing skjer på åremål for ein periode på fire år med moglegheit til å kunne søkje same stilling for ytterlegare to periodar. Stillinga er ledig frå 1. februar 2025.
Instituttet er ein del av eit stort og tverrfagleg helsevitskapleg fakultet med ein brei portefølje av utdanningar og forsking. Dette skaper gode vilkår for eit tverrfagleg samarbeid på tvers av institutt og fagmiljø.
Instituttet har eit av landets største utdannings- og forskingsmiljø innan sjukepleie og helsefremjande arbeid og består av åtte avdelingar/studieleiarområde. Stillinga inngår i leiarteamet til instituttet som blir leia av instituttleiar. Fakultet for helsevitskap har eitt ph.d.- program og fleire forskingsgrupper er etablerte.
Som avdelingsleiar har du fagleg og administrativt ansvar for avdelinga. Dette inneber resultatansvar for økonomistyring, personalforvaltning og HMS, forsking, utdanning og formidling. Avdelingsleiar samarbeider med leiarar for dei andre fag- og studieområda med omsyn til disponering av personalressursar. Avdelingsleiar skal sørgje for eit godt og mangfaldig arbeidsmiljø.
Ansvarsområde og arbeidsoppgåver for avdelingsleiar er nærare skildra i stillingsskildringa.
At ein er personleg eigna og har god forståing for instituttet si rolle og posisjon vil bli tillagt stor vekt.
Det er viktig for OsloMet å gjenspegle befolkninga i regionen vår, og vi ønskjer alle kvalifiserte søkjarar velkomne. Vi arbeider aktivt med å utvikle oss vidare som ein inkluderande arbeidsplass og for å tilretteleggje arbeidsplassen om du har behov for det. Har du periodar i livet der du ikkje har vore i arbeid, utdanning eller opplæring, er du også velkomen til å søkje hos oss.
Stillinga blir løna i samsvar med til Hovudtariffavtalane i staten og Oslomet sin lønspolitikk i 1473 studieleiar, lønstrinn 75–83, dvs. kroner 759 100–942 700 pr. år. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare løn.
Vil du søkje på stillinga må du søkje elektronisk gjennom rekrutteringssystemet vårt. Innan søknadsfristen må du saman med søknaden laste opp følgjande dokument:
Vi behandlar berre søknader sende inn via det elektroniske rekrutteringssystemet vårt, og alle dokument må lastast opp for at vi skal behandle søknaden din. Dokumenta må vere på eit skandinavisk språk eller engelsk, og omsetijngar må vere autoriserte. Du må vise fram originalar ved eit eventuelt intervju. OsloMet gjennomfører kontroll av dokument, slik at du som kandidat skal få ei reell evaluering og ein rettferdig konkurranse.
Tilsetjinga blir gjennomført etter prinsippa i Statsansatteloven (lovdata.no), og lovverk som regulerer eksport av kunnskap, teknologi og tenester.
Det kan bli gjort bakgrunnssjekk for å verifisere opplysningar som kjem fram av CV og tilgjengelege dokument. Bakgrunnssjekk blir ikkje gjennomført utan samtykke frå søkjar og aktuelle søkjarar vil få nærare informasjon om dette.
Ønskjer du nærmare informasjon om stillinga, kan du kontakte:
Søknadsfrist: 30. september 2024
Ref. 24/23928
Ansettelsestype | Åremålsstilling |
---|---|
Arbeidstid | Heltid |
Tiltredelse | 1. februar 2025 |
Lønn | Kr. 759 100–942 700 pr. år. |
Antall ledige stillinger | 1 |
Arbeidsomfang | 100% |
Sted | Oslo |
Fylke | Oslo |
Land | Norge |
Referansenummer | 24/23928 |
Kontakt |
|
Publisert | 11.09.2024 |
Søknadsfrist | 30.09.2024 |