OsloMet – storbyuniversitetet er det tredje største universitetet i Noreg, med 23 000 studentar og over 2600 tilsette. Vi har campus i Oslo sentrum og på Romerike. OsloMet leverer forsking og utdanning med høg relevans for arbeidslivet, velferdsstaten og storbyregionen.
Vil du vere med på campusutviklinga ved eit av Noregs største universitet?
OsloMet skal etablere ein ny campus på Lillestrøm og har fleire spanande prosjekt på våre to campusar. Vi treng difor to nye prosjektleiarar til ulike prosjekt i bygningsmassen vår, og vi ønskjer deg som er engasjert i eigedomsutvikling og god arealutnytting.
I tillegg til de to faste stillingane kan det bli aktuelt å tilsette i et vikariat med varigheit ut mai 2027.
Det er to faste stillingar som prosjektleiar ledige for snarleg tiltreding. Som prosjektleiar hos oss vil du bli ein del av eit dyktig og erfarent prosjektteam. Avdeling for Eigedom har om lag 50 tilsette og har mellom anna ansvar for universitetet sin bygningsmasse, totalt 175 000 kvadratmeter fordelt på to campusar: i Pilestredet i Oslo og på Kjeller ved Lillestrøm.
Høyrest dette spanande ut? Då håpar vi å få søknaden din!
Personleg eignaheit vil bli vektlagd.
OsloMet ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Vi jobbar aktivt for å vere ein inkluderande arbeidsplass og legg til rette for tilsette som har behov for særskild tilrettelegging. Har du periodar i livet der du ikkje har vore i arbeid, utdanning eller opplæring, ønskjer vi deg òg velkomen som søkjar.
Du må laste opp attestar og alle sider av vitnemål. Dokumenta må vere på engelsk eller eit skandinavisk språk. Omsetjingar må vere autoriserte. Du må leggje fram originalar ved eit eventuelt intervju. OsloMet gjennomfører kontroll av dokumenta, slik at du som kandidat kan få ei reell evaluering og rettferdig konkurranse.
Ønskjer du meir informasjon om stillinga, kan du kontakte:
Stillinga blir løna i samsvar med Hovudtariffavtalane i staten og OsloMets lønspolitikk i stillingskode 1113 prosjektleiar, med ei årsløn på kr. 645 000 - 790 000 avhengig av kvalifikasjonar. Vi kan vurdere høgare løn for særleg kvalifiserte søkjarar. Frå løna blir det trekt 2 prosent i innskot til Statens pensjonskasse.
Du kan som søkjar med heimel i Offentleglova bli publisert på søkjarlista sjølv om du har bede om at søknaden blir handtert konfidensielt. Dersom det skjer, vil du bli varsla før publisering.
Vil du søkje på stillinga må du søkje elektronisk i rekrutteringssystemet vårt.
Søknadsfrist: 25. februar 2026.
Ref.: 26/03301
| TYPE_OF_EMPLOYMENT | Fast stilling |
|---|---|
| HOURS | Heltid |
| Nynorska | Etter avtale |
| Lønn | 645 000 - 790 000 |
| NUMBER_OF_POSITIONS | 1 |
| WORKING_HOURS | 100 % |
| Sted | Oslo |
| Fylke | Oslo |
| Land | Norge |
| REFERENCE_NUMBER | 26/03301 |
| CONTACT |
|
| PUBLISHED | 11.02.2026 |
| ENDS | 25.02.2026 |