Divisjon for forskning, utvikling og universitetsbibliotek, Universitetsbiblioteket, Forskningsstøtte

OsloMet – storbyuniversitetet er det tredje største universitetet i Noreg, med 23 000 studentar og over 2600 tilsette. Vi har campus i Oslo sentrum og på Romerike. OsloMet leverer forsking og utdanning med høg relevans for arbeidslivet, velferdsstaten og storbyregionen.

Vil du være med å styrkje Universitetsbibliotekets si støtte til forsking?

Universitetsbiblioteket har ledig ei 100 % fast stilling som universitetsbibliotekar eller seniorrådgjevar. Der blir du ein del av ein seksjon som leverer og utviklar tenester som bidrar til høg kvalitet i forskinga ved OsloMet.

Forskinga ved OsloMet er i god vekst, og som tilsett hos oss vil du få vere med på å forme framtidas forskingsstøtte ved eit universitet i utvikling. Universitetet satsar målretta på forsking av høg kvalitet, og det er avgjerande å ha robuste støttefunksjonar som kan bidra til å legge til rette for forskarane sitt arbeid.

Universitetsbiblioteket støttar forskarar og stipendiatar med mellom anna handtering av forskingsdata, bruk av KI-verktøy, engelsk akademisk skriving, bibliometri, publisering og systematiske litteratursøk. Vil tilbyr rettleiing, held kurs og workshops, og har i tillegg ansvar for Nasjonalt vitenarikiv (NVA).

Vi samarbeider tett med forskarar og fagmiljø, og med andre administrative einingar ved universitetet. 

Dei viktigaste arbeidsoppgåvene dine vil vere

  • rettleiing og rådgjeving innan forskingsdata, open vitskap og publisering
  • opplæring og rettleiing i bruk av ulike verktøy og metodar
  • halde kurs, workshops og presentasjonar
  • bidra i utviklinga av forskingsstøttetenestene
  • delta i interne og eksterne prosjekt knytt til forskingsstøtte

Vi ser etter deg som har

  • minimum mastergrad frå universitet eller høgskule
  • erfaring med forskingsstøtte og/eller eiga forsking
  • kjennskap og interesse for handtering av forskingsdata
  • kjennskap til dataverktøy som blir brukt i forskingsprosessar
  • gode digitale ferdigheiter
  • gode norsk- og engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg

Det er ein fordel om du har

  • erfaring frå universitets- og høgskulesektoren
  • erfaring med handtering av forskingsdata
  • erfaring med bibliometriske tenester
  • erfaring med publisering
  • erfaring med open forsking
  • erfaring med bruk av KI-verktøy i forsking

Vi ønskjer deg som har

  • gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • evne til å arbeide både sjølvstendig og i team
  • evne til å ta initiativ
  • ønske å jobbe med forskingsstøtte i eit universitetsbibliotek
  • vilje til å vidareutvikle eigen kompetanse og bidra til kollegaene si kompetanseutvikling

At du er personleg eigna for stillinga vil bli tillagt vekt.

OsloMet skal spegle mangfaldet i folket og vi ønskjer alle kvalifiserte søkjarar velkomen. Vi arbeidar aktivt for å utvikle oss vidare som ein inkluderande arbeidsplass og for å leggje til rette arbeidsplassen dersom du treng det. Har du periodar i livet kor du ikkje har vore i arbeid, utdaning eller opplæring er du også velkomen til å søkje hos oss.

Vi kan tilby deg

  • ei spennande jobb på Noregs tredje største universitet
  • gode moglegheiter for fagleg utvikling
  • ei sjølvstendig og utfordrande stilling i eit hyggeleg og inspirerande arbeidsmiljø
  • fleire ulike kultur- og treningstilbod
  • låne- og pensjonsvilkår i Statens Pensjonskasse
  • fleksibel arbeidstid og gode velferdsordningar

Vi handterer berre søknader sendt via vårt elektroniske rekrutteringssystem. Du må laste opp alle dokument  for at din søknad skal bli handtert. Dokumenta må vere på engelsk eller eit skandinavisk språk. Omsetjingar må vere autoriserte. Dersom du blir innkalla til intervju, må du vise fram originaldokumenta. OsloMet gjennomfører dokumentkontroll for å sikre ei reell evaluering og ein rettferdig konkurranse. 

Andre opplysningar

Dersom du ønskjer meir informasjon om stillinga, kan du ta kontakt med:

  • Seksjonssjef Nina Riege, 988 39 946
  • Bibliotekdirektør Hege Undem Store, 990 20 355

Stillinga blir lønt i samsvar med Hovudtariffavtalane i staten og OsloMet sin lønnspolitikk i stillingskode 1199 universitetsbibliotekar med kroner 650 000 – 745 000 per år, eller 1364 seniorrådgivar med kroner 650 000 – 745 000. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast. Frå lønna blir det trekt 2 prosent i lovpålagt innskot til Statens Pensjonskasse. 

Du som søkjar kan med heimel i Offentleglova bli publisert på søkjarlista sjølv om du har bede om at søknaden blir handtert konfidensielt. Dersom det skjer vil du bli varsla før publisering. 

Vil du søkje på stillinga må du søkje elektronisk i rekrutteringssystemet vårt.  

Søknadsfrist: 14. september 2025
Ref.: 25/13382

TYPE_OF_EMPLOYMENT Fast stilling
HOURS Heltid
Nynorska Etter avtale
Lønn 650 000 - 745 000
NUMBER_OF_POSITIONS 1
WORKING_HOURS 100 %
Sted Oslo
Fylke Oslo
Land Norge
REFERENCE_NUMBER 25/13382
CONTACT
  • Nina Riege, 98839946
  • Hege Undem Store, 99020355
PUBLISHED 22.08.2025
ENDS 14.09.2025
Logg inn og søk stillingen

SOCIAL_SHARE

Tilbake til ledige stillinger