Fakultet for helsevitenskap (HV), Institutt for atferdsvitenskap

OsloMet - storbyuniversitetet er Norges tredje største universitet med nesten 22 000 studenter og over 2500 ansatte. Vi har campus i Oslo sentrum og på Romerike. OsloMet leverer forskning og utdanning med høy relevans for arbeidslivet, velferdsstaten og storbyregionen.



Institutt for atferdsvitenskap har om lag 50 ansatte og 1200 studenter tilknyttet instituttets virksomhet.

Ved Fakultet for helsevitskap, Institutt for åtferdsvitskap, er det ledig to vikariat som universitetslektor innan helsefaglege emne. Vikariatet er ledig frå mai/juni 2020 og vil vare i inntil eitt år.

Instituttet har bachelorprogram i vernepleie og i psykologi, masterprogram i åtferdsvitskap, fleire etter- og vidareutdanningar, og ph.d. –program i åtferdsanalyse.

Dei viktigaste arbeidsoppgåvene dine vil vere 

  • undervise og utvikle studentaktiv læringsmetode ved bachelorutdanninga i vernepleie
  • ha emneansvar for dei helsefaglege emna i studiet
  • sensurere eksamensoppgåver
  • rettleie og vurdere studentar i klinisk praksis og praktiske øvingar på øvingspost
  • drifte og ha ansvar for logistikken i øvingsposten
  • bidra til å utvikle studieprogrammet og den faglege verksemda til instituttet

Krav til kvalifikasjonar

  • relevant mastergrad innan helsefag
  • bachelorgrad i sjukepleie eller vernepleie, eller annan relevant helsefagleg bachelorgrad
  • relevant praktisk/klinisk erfaring frå helseteneste på kommunalt og statleg nivå
  • god kunnskap i eit skandinavisk språk og engelsk, både munnleg og skriftleg

Generelle kriterium for tilsetjing i stilling som universitetslektor går fram av Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger  

Vi legg vekt på:

  • erfaring med å undervise og rettleie i helsefaglege emne
  • dokumentert pedagogisk utdanning
  • kjennskap til programplan for vernepleiarutdanning
  • nyare klinisk erfaring
  • god kjennskap til digitale læringsverktøy
  • kjennskap til databasen VAR Healthcare
  • innsikt i helse- og velferdstenestene
  • innsikt i helselovgivinga

Vi søkjer deg som har 

  • god evne til å kommunisere og samarbeide
  • god evne til å inspirere og rettleie studentar
  • evne til å jobbe sjølvstendig og vise fleksibilitet
  • stor arbeidskapasitet, er løysingsorientert og har positivt engasjement

OsloMet gjennomfører prøving av pedagogiske kvalifikasjonar i samband med intervju.

Det er viktig for OsloMet å spegle menneska i regionen vår, og vi ønskjer alle kvalifiserte søkjarar velkommen. Vi arbeider aktivt for å utvikle oss vidare som ein inkluderande arbeidsplass og for å leggje til rette arbeidsplassen dersom du treng det. Har du periodar i livet der du ikkje har vore i arbeid, utdanning eller opplæring, er du også velkommen til å søkje hos oss.

Vi kan tilby

  • eit inspirerande utdannings- og forskingsmiljø med moglegheiter for fagleg utvikling
  • pensjonsvilkår i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Vikariata vert løna etter lønsregulativet til staten kode 1009, som universitetslektor. Løn kroner 456 400 – 594 400 per år, lønnstrinn 51 – 66. Høgare løn kan vurderast for særleg kvalifiserte søkjarar.

Andre opplysningar

Dersom du ønskjer meir informasjon om stillinga, kan du ta kontakt med:

  • studieleiar Karen Engeland, karen.engeland@oslomet.no, 96894979
  • instituttleiar Magne Arve Flaten, magne.flaten@oslomet

Søknad

Vil du søkje på stillinga må du søkje elektronisk ved å nytte knappen nedst på sida "logg inn og søk stillinga".

Innan søknadsfristen må du laste opp desse dokumenta saman med søknaden:

  • CV, attestar og alle sider av vitnemål
  • eventuelle vitskaplege arbeid

Dokumenta må vere på engelsk eller eit skandinavisk språk. Omsetjingar må vere autoriserte. Vi vil be om originale dokument ved eit eventuelt intervju. OsloMet kontrollerer dokument slik at du som kandidat skal få ei reell evaluering og ein rettferdig konkurranse.

Søknadsfrist: 15.4.20

Ref.:   20/03238

Ansettelsestype Vikar
Arbeidstid Heltid
Tiltredelse mai/juni 2020
Lønn kr. 456 400 – 594 400 per år (lønnstrinn 51 – 66)
Antall ledige stillinger 2
Arbeidsomfang 100 %
Sted Oslo
Fylke Oslo
Land Norge
Referansenummer 20/03238
Kontakt
  • Karen Engeland, 96 89 49 79
  • Magne Arve Flaten, 67 23 67 79
Publisert 23.03.2020
Søknadsfrist 15.04.2020

Tilbake til ledige stillinger