OsloMet –  storbyuniversitetet er landets tredje største universitet, med over 20 000 studenter og mer enn 2000 ansatte. OsloMet leverer kunnskap og yrkesutøvere samfunnet er avhengig av, og er tett på arbeidslivets behov. OsloMet er et urbant og mangfoldig universitet med internasjonalt preg og et attraktivt studie- og arbeidssted med studiesteder midt i Oslo og på Kjeller ved Lillestrøm. Tilstedeværelsen i hovedstadsregionen gir universitetet gode muligheter til å forstå og høste fordelene av byens varierte befolkningssammensetning.

Senter for velferds- og arbeidslivsforskning (SVA) ved OsloMet - storbyuniversitetet består av Arbeidsforskningsinstituttet (AFI), Velferdsforskningsinstituttet NOVA, By- og regionforskningsinstituttet NIBR og Forbruksforskningsinstituttet SIFO.

NOVA er ett av Norges største samfunnsvitenskapelige forskningsinstitutt med vekt på forskning om oppvekst, velferd, sosialpolitikk og eldre år.

Velferdsforskingsinstituttet NOVA driv med forsking og utviklingsarbeid som kan bidra til auka kunnskap om sosiale forhold og endringsprosessar. Hovudforskingsområda ved NOVA er barndom og barnevern, ungdom, aldring og livsløp, familie, sosiale ulikskap, velferdsstaten, migrasjon, bustad, helse og omsorgstenester. Forskarane ved NOVA har i hovudsak bakgrunn i samfunnsøkonomi, sosiologi, sosialantropologi og statsvitskap, men vi har òg forskarar med bakgrunn i kulturvitskap, historie, psykologi, juss og kriminologi.

Forskingsprosjekta omfattar ofte tverrfaglege problemstillingar, og vi legg vekt på samarbeid både internt i NOVA og med forskarar frå andre forskingsmiljø nasjonalt og internasjonalt. Forskarane brukar eit breitt spekter av metodiske tilnærmingar, frå analysar av store registerdatasett til dokumentanalysar, intervju og deltakande observasjon.

Ein viktig del av arbeidet som forskar ved NOVA er å delta i utvikling og finansiering av nye forskingsoppdrag. Ønsket om å bidra til eit solid kunnskapsgrunnlag for beslutningstakarar og evne til arbeide under press og overhalde tidsfristar, er viktige føresetnader for å trivast som oppdragsforskar ved NOVA. Dei viktigaste oppdragsgjevarane våre er offentlege myndigheiter, Noregs forskingsråd og EU.

NOVAs forsking om barndom, familie og barnevern dreier seg om kva føresetnader som ligg til grunn for ein god og trygg barndom og oppvekst. Ut frå dette forskar vi på eit breitt spekter av felt og tema, med eit særleg blikk for kva roller det offentlege og familien har i barns liv. Barn og unge som ikkje opplever gode og trygge oppvekstvilkår, har ein større risiko enn andre for å komme i ein vanskeleg situasjon i oppveksten og seinare i livet. Ei rekke tenester har som formål å identifisere og hjelpe desse barna og ungdommane, noko som krev tilgang til oppdatert kunnskap om ulike former for barndom og familieliv samt ulike behov for hjelp. Slik kunnskap bidreg vi med. Vi rettar òg blikket mot tenester, forvaltning og rettsapparat som særleg rører ved dei behov og rettar som barn har. Desse ser vi i samanheng med familielivets vilkår og utforming og med familien som arena for sosialisering og utvikling, men òg for krenking og overgrep. Tematisk har vi særleg omfattande kunnskap om barnevernet, om barn, unge og familiar med majoritets- og minoritetsbakgrunn, om barndom og migrasjon, om barn med nedsett funksjonsevne og om vald i nære relasjonar. Vi har mykje å gjere, og treng fleire forskarar i seksjonen. Vi tar sikte på å tilsetje to forskarar i denne omgangen.  

Hovedarbeidsoppgåver:

  • Prosjektakkvisisjon: utvikle forskingsprosjekt og søknadar om ekstern finansiering
  • Gjennomføre forskingsprosjekt med datainnsamling og analyse
  • Publisering og formidling av forskingsresultat til eige fagmiljø og andre

Du må ha:

  • doktorgrad eller levert avhandlinga di innafor eit relevant fagområde
  • god metodekompetanse på ditt fagfelt
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk

Vi ønskjer deg som:

  • kan skrive prosjektsøknadar, rapportar og artiklar
  • kan ta aktivt del i diskusjonar og formidling
  • har gode samarbeidsevner og interesse for tverrfagleg samarbeid
  • har evne til sjølvstendig og målretta arbeid

Vi ønskjer oss nye kollegaer som har fagleg engasjement, interesse for samspelet mellom anvendt samfunnsforsking og teoretiske perspektiv og god forståing for forskingas relevans for samfunnsinstitusjonar og politikk. God metodekunnskap er viktig, slik at du kan foreslå konkrete løysingar på forskingsoppdrag. Vi vil gjerne ha søkjarar med en særleg interesse for forsking på barnevern, til dømes med ein ph.d. innanfor sosialt arbeid, men òg andre av våre forskingsfelt. Både kvalitativ og kvantitativ kompetanse er relevant for oss, og har du survey-kompetanse, er det fint, men det er ikkje eit krav. Kunnskap om mangfald og minoritetar, migrasjon, sosiale media og massemedia, eller erfaring frå forvaltninga ville òg vere bra.

Det er viktig for OsloMet å spegle menneska i regionen vår, og vi ønskjer alle kvalifiserte søkjarar velkomne. Vi arbeider aktivt for å utvikle oss vidare som ein inkluderande arbeidsplass og for å leggje til rette arbeidsplassen dersom du treng det.

Sakkunnig vurdering

Din søknad vil bli vurdert av eit sakkunnig utval. Innan søknadsfristen må du laste opp desse dokumenta saman med søknaden:

  • CV, attestar og alle sider av vitnemål
  • liste over vitskaplege arbeid
  • opp til 10 vitskaplege arbeid, inkludert ph.d.-avhandlinga di

Dokumenta må vere på engelsk eller eit skandinavisk språk. Omsetjingar må vere autoriserte. Du må vise fram originalen dersom du blir intervjua. OsloMet kontrollerer dokument slik at du som kandidat skal få ei reell evaluering og ein rettferdig konkurranse.

Dersom du har dokument som ikkje kan lastast opp elektronisk, kontakt E-post mlskog@oslomet.no

Vi kan tilby deg

  • spanande arbeid på det tredje største og mest urbane universitetet i Noreg
  • moglegheiter for fagleg utvikling (t.d. deltaking i spanande forskingsgrupper
  • eit godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø
  • låne- og pensjonsvilkår i Statens pensjonskasse)
  • gode velferdsordningar 

Andre opplysningar

Dersom du ønskjer meir informasjon om stillinga, kan du ta kontakt med:

  • Fungerande forskingsleiar Marie Louise Seeberg, telefon 470 18 424
  • HR-ansvarleg May-Lill Skogli, telefon 40 24 40 28

Stillinga blir løna etter lønsregulativet til staten, stillingskode 1109 forskar. Løn kroner 583 900-667 200 per år, lønnstrinn 65–72. Høgare løn kan vurderast for særleg kvalifiserte søkjarar. Eit lovfesta innskot på 2 % til Statens pensjonskasse blir trekt frå løna.

Etter Offentleglova kan du som søkjar bli offentleggjord på søkjarlista sjølv om du har bede om å få søknaden handsama konfidensielt. I så fall vil du bli varsla før offentleggjeringa.

Dersom du vil søkje på stillinga, må du søkje elektronisk ved å nytte knappen nedst på sida “logg inn og søk stillinga”.

Søknadsfrist:          6. februar 2020

Ref.:                      20/00821

 

OsloMet har implementert Charter & Code og er sertifisert av EU-kommisjonen til HR Excellence in Research (HRS4R).

 

OsloMet deltek i Euraxess, EU sitt nettverk for forskarmobilitet.

 

 



Ansettelsestype Vakituinen
Arbeidstid Heltid
Antall ledige stillinger 2
Arbeidsomfang 100%
Sted Oslo
Fylke Oslo
Land Norge
Referansenummer 20/00821
Kontakt
  • May-Lill Skogli, 402 44 028
Publisert 16.01.2020
Søknadsfrist 06.02.2020

Takaisin avoimiin työpaikkoihin