Senter for profesjonsstudier (SPS)

OsloMet - storbyuniversitetet er Norges tredje største universitet med nesten 22 000 studenter og over 2500 ansatte. Vi har campus i Oslo sentrum og på Romerike. OsloMet leverer forskning og utdanning med høy relevans for arbeidslivet, velferdsstaten og storbyregionen.

Ved Senter for profesjonsstudier (SPS) er ei fireårig stilling som ph.d.-stipendiat med 25 % pliktarbeid ledig på eit følgjeforskingsprosjekt som er tilknytt Den Gode Studentopplevelsen (DGS). DGS er ei strategisk satsing ved OsloMet, og det overordna formålet med satsinga er å styrkje studentane si oppleving av utdanningskvalitet. Det er oppretta eit formativt følgjeforskingsprosjekt for DGS (EVA-DGS) der forskarar frå Senter for profesjonsstudier (SPS), Arbeidsforskningsinstituttet (AFI) og Fakultet for lærerutdanning og internasjonale studier (LUI) deltek. Hovudføremålet med følgjeforskingsprosjektet er å bidra til at DGS når målsetjingane sine ved å hente inn og analysere relevant dokumentasjon i nært samarbeid med aktørar som er knytte til DGS.

Stipendiatstillinga vil vere knytt til doktorgradsprogrammet i profesjonsstudium ved SPS. Ved SPS vil du arbeide i eit tverrfagleg miljø saman med forskarar og stipendiatar med bakgrunn frå mange ulike fag. Senteret er eit leiande forskings- og forskarutdanningsmiljø innanfor profesjonsstudium i Norden, og er prega av eit teoretisk og metodisk mangfald. For tida er godt og vel 50 personar knytte til senteret.

Stipendiatprosjektet skal bidra til eitt av desse tre tematiske områda:

  • Deltakande former for programevaluering

Prosjektet kan knytast til forskargruppa sitt arbeid med deltakande former for programevaluering (participatory evaluation), folkeforsking (citizen science) og medverknad i forskings- og utviklingsprosessen. Dette arbeidet rettar seg mot både studentar og tilsette ved OsloMet. Dei blir dregne inn som medforskarar i design, datainnsamling, analyse og formidling av resultat undervegs i evalueringsprosjektet. Denne involveringa tek mellom anna form av utviklingsretta samlingar (change laboratories) for å styrkje den vidare utviklinga av DGS. Det som blir venta av deg, er at du skal utvikle eit empirisk forskingsprosjekt som undersøkjer ulike aspekt av desse deltakande prosessane i samarbeid med evalueringsteamet. Korleis ein kan involvere studentar og tilsette i UH-sektoren som kunnskapsprodusentar i utforminga og vidareutviklinga av institusjonelle satsingar på utdanningskvalitet, er ei overordna analytisk interesse i følgjeforskingsprosjektet.

  • Faktorar som påverkar trivselen og læringsutbyttet til studentane

Ei rekkje ulike faktorar kan påverke studentane si oppleving av studiesituasjonen. Drag ved studentane sjølve, så som faglege føresetnader og motivasjon, spelar inn. Tilbodet på lærestaden og studieprogrammet, både faglege, sosiale og organisatoriske tilhøve, er avgjerande faktorar. Det er òg viktig å sjå på samspelet mellom individuelle og institusjonelle faktorar, til dømes i kva grad studentane sine forventingar blir innfridde, dersom ein vil auke kunnskapen om kva faktorar som bidreg mest til den gode studentopplevinga. Dette tematiske området tek sikte på å kaste lys over faktorar som påverkar trivsel og læringsutbytte gjennom å analysere kvantitative data. Aktuelle datakjelder er Studiebarometeret, OsloMet sine eigne studentundersøkingar og OsloMet sine administrative data i Felles Studentsystem (FS). Det kan òg vere aktuelt å utvikle nye spørsmålsbatteri/undersøkingar som kan nyttast til å analysere korleis studentar vurderer læringsmiljø og læringsutbytte i lys av målsetjingane i «Den Gode Studentopplevelsen».

  • Organisatoriske vilkår for utvikling av utdanningskvalitet

Det er godt etablert at endrings- og utviklingsarbeid i UH-sektoren er komplekse prosessar, dels fordi eit intrikat samspel mellom aktørskapen til individa og dei etablerte strukturane er noko som særmerkjer endringsprosessar. Utfordringar som er typiske for innovasjonsprosjekt inkluderer oppskalering/spreiing, overgangen frå prosjektorganisering til integrasjon i etablerte organisatoriske strukturar og at samspelet mellom ulike rammefaktorar ofte blir styrt av ulike institusjonelle logikkar. Det er såleis eit nøkkelspørsmål i følgjeforskingsprosjektet kva rolle strukturelle rammefaktorar spelar når det gjeld å gjennomføre DGS og nå målsetjingane for programmet. Dette tematiske området har som føremål å undersøkje organisatoriske og institusjonelle vilkår for utvikling av utdanningskvalitet og samspelet mellom desse vilkåra og innovasjonsprosjekt. Det er venta at du utviklar eit empirisk prosjekt knytt til evalueringa av DGS som kan bidra til dette føremålet.

Kvalifikasjonar og vilkår

  • Relevant mastergrad, til dømes i pedagogikk eller samfunnsvitskaplege fag
  • Det er ein fordel om du har relevant metodekompetanse (kvalitativ eller kvantitativ empirisk forsking, deltakande metodologiar).
  • Relevant tematisk ekspertise inkluderer organisasjonsforsking, høgare utdanningsstudium, pedagogisk utviklingsarbeid og kunnskap om innovasjon eller digital transformasjon.
  • Karakteren B eller betre på masteroppgåva
  • Det er ein fordel om du har metodekompetanse som er relevant for kvalitativ, empirisk forsking.
  • Du må meistre eit skandinavisk språk både skriftleg og munnleg.
  • Du må ha SPS som arbeidsplass i stipendiatperioden.
  • Tilbodet om stipend blir gjeve på det vilkåret at du blir teken opp til doktorgradsprogrammet i profesjonsstudium før du kan byrje i stillinga. Du søkjer om opptak etter at du har fått tilbod om stipend.

I vurderinga av søkjarane blir det lagt vekt på prosjektskissa og diskusjonsteksten dei har sendt inn (sjå under), relevans for prosjektet og arbeidsfeltet til senteret, kvaliteten på tidlegare arbeid (t.d. masteroppgåva) og karakterar frå høgare utdanning.

Ønskjelege eigenskapar

  • stor interesse for forsking
  • gode analytiske evner
  • gode formidlingsevner
  • sjølvstende, gjennomføringsevne og samarbeidsevner

Det er viktig for OsloMet å spegle menneska i regionen vår, og vi ønskjer alle kvalifiserte søkjarar velkommen. Vi arbeider aktivt for å utvikle oss vidare som ein inkluderande arbeidsplass og vil leggje til rette arbeidsplassen dersom du treng det. Du er òg velkomen til å søkje dersom du har periodar i livet der du ikkje har vore i arbeid, utdanning eller opplæring.

Vi tilbyr deg

  • fagleg vidareutvikling i eit kreativt fag- og forskingsmiljø
  • tett integrering i ei aktiv forskingsgruppe ved senteret
  • eit stort, aktivt og inkluderande stipendiatmiljø
  • tilrettelegging for utanlandsopphald i løpet av stipendperioden
  • eit etablert doktorgradsprogram med gode rutinar for oppfølging og rettleiing
  • flat struktur der du stiller på like fot med dei fast tilsette
  • eit arbeidsmiljø der vi ser og oppmuntrar kvarandre
  • gode låne- og pensjonsvilkår i Statens pensjonskasse
  • fleksibel arbeidstid og gode velferdsordningar

For å søkje må du sende inn

  • ei prosjektskisse (4 sider) som viser korleis du kunne tenkje deg å utforme forskingsprosjektet ditt innanfor rammene av EVA-DGS. Skissa må vere tydeleg forankra i eit av dei tre tematiske områda som er skisserte ovanfor.
  • ein tekst (1-2 sider) der du presenterer og kritisk diskuterer to vitskaplege tekstar som du meiner er relevante for det planlagde forskingsprosjektet. Dei kan vere teoretiske, metodiske eller empiriske tekstar.
  • kopiar av masteroppgåva og eventuelle andre vitskaplege arbeid som du ønskjer at det sakkunnige utvalet skal vurdere
  • CV, attestar og alle sider av vitnemål, inkludert karakterar frå høgare utdanning (bachelor og master)

Registrer søknaden og CV-en din ved hjelp av knappen «søk stillingen». Vi behandlar berre søknader som blir sende via det elektroniske rekrutteringssystemet vårt, og alle dokument må lastast opp for at søknaden din skal bli behandla. Dokumenta må vere på engelsk eller eit skandinavisk språk. Omsetjingar må vere autoriserte. Du må vise fram originalar dersom du blir intervjua. OsloMet kontrollerer dokument slik at du som kandidat skal få ei reell evaluering og ein rettferdig konkurranse.

Evalueringsprosessen

Ein sorteringskomité vil gjere eit utval av søkjarane før ein sakkunnig komité gjer ei meir inngåande vurdering av utvalet. Kandidatane som blir rangerte høgast, blir så kalla inn til intervju.

Nærare opplysningar

For meir informasjon om stillinga, kontakt:

Stillinga blir løna etter lønsregulativet til staten, stillingskode 1017, lønstrinn 54, for tida kr 491 200. Høgare løn kan vurderast for særleg kvalifiserte søkjarar.

Generelle kriterium for tilsetjing som stipendiat går fram av Forskrift om ansettelsesvilkår for stillinger som postdoktor, stipendiat, vitenskapelig assistent og spesialistkandidat.

Søknadsfrist: 15. september 2021

Ref.: 21/06645

Ansettelsestype Åremålsstilling
Arbeidstid Heltid
Lønn Ltr. 54
Antall ledige stillinger 1
Arbeidsomfang 100 %
Sted Oslo
Fylke Oslo
Land Norge
Referansenummer 21/06645
Kontakt
  • Hege Hermansen, 67 23 60 74
  • Beate Elvebakk, 417 84 106
Publisert 08.07.2021
Søknadsfrist 15.09.2021

Tilbake til ledige stillinger