Senter for velferds- og arbeidslivsforskning (SVA), Velferdsforskningsinstituttet NOVA

OsloMet – storbyuniversitetet er det tredje største universitetet i Noreg, med nesten 22 000 studentar og over 2500 tilsette. Vi har campus i Oslo sentrum og på Romerike. OsloMet leverer forsking og utdanning med høg relevans for arbeidslivet, velferdsstaten og storbyregionen.

Senter for velferds- og arbeidslivsforskning (SVA) ved OsloMet - storbyuniversitetet består av Arbeidsforskningsinstituttet (AFI), Velferdsforskningsinstituttet NOVA, By- og regionforskningsinstituttet NIBR og Forbruksforskningsinstituttet SIFO.

NOVA er ett av Norges største samfunnsvitenskapelige forskningsinstitutt med vekt på forskning om oppvekst, velferd, sosialpolitikk og eldre år.

Om stillinga 

Vi søkjer 1–3 forskarar (100 % fast stilling) med brei kvantitativ forskarkompetanse. Du har interesse for og erfaring frå kjerneområda til instituttet, og ønskjer å bidra til å vidareutvikle arbeidet vårt med kvantitative data knytt til eitt eller fleire av desse. 
 
NOVA er det leiande miljøet på forsking om velferdspolitikk og -tenester, levekår og livskvalitet gjennom livsløpet. Vi er eit anvendt forskingsmiljø som ønskjer å sameine vitskapleg kvalitet med relevans og meirverdi for oppdragsgivarane våre. Viktige kjerneområde i forskinga vår er barndom og barnevern, ungdom, aldring og livsløp, familie, sosial forskjell, velferdsstaten, migrasjon, bustad, vald i nære relasjonar, likestilling og diskriminering i utdanning og arbeid, helse- og omsorgstenester. 
 
Forskarane våre leier og deltek i nasjonale og internasjonale forskingsprosjekt, finansiert av blant anna EU, EØS, Noregs forskingsråd, departement, direktorat og sivilsamfunnsorganisasjonar. Gjennom fleire år har instituttet bygd opp store og unike surveydatabasar som gir verdifull kunnskap om barn, ungdom og den aldrande befolkninga. I tillegg har instituttet lang erfaring med registerdataforsking og dessutan felt- og surveyeksperiment.  
 
Vi har fire forskingsseksjonar: Seksjon for forsking om barndom, familie og barnevern; ungdomsforsking; helse- og velferdsforsking og bustadstudiar og aldersforsking. 

Les meir om NOVA: https://www.oslomet.no/om/nova

Arbeidsoppgåvene og ansvarsområda dine

Du er forventa å bidra til NOVAs ordinære aktivitetar. Desse omfattar blant anna:

  • prosjektakkvisisjon, utvikle forskingsprosjekt og søknadar om ekstern finansiering
  • gjennomføre forskingsprosjekt, datainnsamling og analyse
  • publisere og formidle forskingsresultat både til fagmiljø og samfunnet elles
  • delta i forskingssamarbeid med nasjonale og internasjonale samarbeidspartnarar 

Kvalifikasjonskrav

Til stilling som forskar II krevst det 

  • doktorgrad innan relevante fagområde
  • brei kompetanse i kvantitative metodar
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk eller anna skandinavisk språk og engelsk 

Generelle kriterium for tilsetjing i undervisnings- og forskarstilling kjem fram av Forskrift om tilsetjing og opprykk i undervisnings- og forskarstillingar

Det vil bli lagt vekt på

  • forskingsinteresse innanfor og erfaring frå eitt eller fleire av kjerneområda til instituttet
  • erfaring med analyse av store survey- og/eller registerdatasett
  • erfaring med tverrfagleg samarbeid, gjerne også med kvalitative forskarar
  • publisering i vitskaplege tidsskrift
  • erfaring frå prosjektakkvisisjon og oppdragsforsking
  • erfaring med utviklings-/innovasjonsarbeid og prosjektleiing  

Personlege eigenskapar 

Vi ser etter deg som evnar å arbeide sjølvstendig, målretta og effektivt. Du har gode samarbeidsevner og fagleg engasjement. Vi vektlegg og om du er personleg egna.
 
Det er viktig for OsloMet å spegle befolkninga i regionen vår, og vi ønskjer alle kvalifiserte søkjarar velkommen. Vi arbeider aktivt med å utvikle oss vidare som ein inkluderande arbeidsplass og for å leggje til rette arbeidsplassen dersom du har behov for det. Har du periodar i livet der du ikkje har vore i arbeid, utdanning eller opplæring, er du også velkommen til å søkje hos oss.

Søknadsprosess

Vil du søkje på stillinga må du søkje via rekrutteringssystemet vårt.

Søknaden din bli vurdert av ein sakkunnig komité. Innan søknadsfristen må du saman med søknaden laste opp følgjande dokument: 

  • Søknadsbrev
  • CV, alle sider av vitnemål og evt. attestar
  • Fullstendig publikasjonsliste 
  • Inntil 10 vitskaplege arbeider, og ei oversikt over desse, inkl. ph.d.-avhandling

Vi behandlar berre søknadar sendt via det elektroniske rekrutteringssystemet vårt, og alle dokument må lastast opp for at søknaden din skal behandlast. Dokumenta må vere på eit skandinavisk språk eller engelsk. Omsetjingar må vere autorisert, og du må rekne med å leggje fram originalar ved eit eventuelt intervju. OsloMet gjennomfører kontroll av dokument, slik at du som kandidat skal få ei reell evaluering og rettferdig konkurranse. Ufullstendige søknadar vil ikkje bli tekne til vurdering.
 
Før oversending av dokument til sakkunnig komité, vil alle søknadane bli gjennomgått ved instituttet, og søknader frå ikkje-kvalifiserte søkjarar vil ikkje bli oversende til vurdering. 
 
Har du problem med å laste opp nokre av dokumenta eller har andre spørsmål knytt til søknad, kontakt nadianag@oslomet.no

Vi tilbyr

  • interessante oppgåver ved Noregs tredje største universitet
  • fast forskarstilling
  • moglegheiter for fagleg vidareutvikling i eit kreativt forskingsmiljø
  • eit godt og stimulerande arbeidsmiljø
  • eit omfattande tilbod av aktivitetar innan kultur og sport
  • låne- og pensjonsvilkår i Statens pensjonskasse
  • fleksibel arbeidstid og gode velferdsordningar 

Stillinga blir lønt i samsvar med Hovudtariffavtalane i staten og OsloMets lønnspolitikk som forskar II i stillingskode 1109, lønnstrinn 60–74 tilsvarande kroner 584 500–745 000 per år. Frå lønna blir det trekt 2 % pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse (SPK). For spesielt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast. 
 
Tilsetjinga blir gjennomført etter prinsippa i Statsansatteloven (lovdata.no), og lovverk som regulerer eksport av kunnskap, teknologi og tenester. 

OsloMet har slutta seg til prinsippa i DORA-erklæringa og forplikta institusjonen til å følgje tilrådingane i denne.

Andre opplysningar

Ønskjer du nærare informasjon om stillinga kan du kontakte:

For spørsmål av administrativ art, kan du kontakte: seniorrådgjevar HR, Nadia Naguib Vaagan, e-post: nadianag@oslomet.no 
 

Ansettelsestype Fast stilling
Arbeidstid Heltid
Tiltredelse Etter avtale
Lønn Kr. 584 500 - 745 000
Antall ledige stillinger 3
Arbeidsomfang 100 %
Sted Oslo
Fylke Oslo
Land Norge
Referansenummer 23/05967
Kontakt
  • Janikke Solstad Vedeler, 97797323
  • Mira Aaboen Sletten, 40226973
Publisert 01.09.2023
Søknadsfrist 22.09.2023

Tilbake til ledige stillinger