Fakultet for lærerutdanning og internasjonale studier (LUI), Institutt for barnehagelærerutdanning (BLU)

OsloMet –  storbyuniversitetet er landets tredje største universitet, med over 20 000 studenter og mer enn 2000 ansatte. OsloMet leverer kunnskap og yrkesutøvere samfunnet er avhengig av, og er tett på arbeidslivets behov. OsloMet er et urbant og mangfoldig universitet med internasjonalt preg og et attraktivt studie- og arbeidssted med studiesteder midt i Oslo og på Kjeller ved Lillestrøm. Tilstedeværelsen i hovedstadsregionen gir universitetet gode muligheter til å forstå og høste fordelene av byens varierte befolkningssammensetning.

Fakultet for lærerutdanning og internasjonale studier (LUI) har ca. 550 ansatte og 7000 studenter, og holder til i Oslo og Akershus. Fakultetet består av fire institutter og Nasjonalt senter for flerkulturell opplæring (NAFO).

Fakultetet utdanner fremtidens lærere fra barnehage til og med videregående skole, i nært samarbeid med praksisfeltet. Fakultetet tilbyr ph.d. i utdanningsvitenskap for lærerutdanning. I tillegg tilbyr fakultetet utviklingsstudier og utdanning i tegnspråk og tolking. Mangfold er en kjerneverdi for fakultetets virksomhet. Forsknings- og utviklingsarbeidet er profesjonsrettet, praksisnært og internasjonalt orientert.

Institutt for barnehagelærerutdanning (BLU) har sterke fagmiljøer som bidrar til forskningsbasert kunnskap av relevans for samfunnets utfordringer på barnehagefeltet. Instituttet utvikler sine utdanninger i nært samarbeid med praksisfeltet gjennom studentenes praksisopplæring og gjennom forsknings- og innovasjonsprosjekter. Instituttet tilbyr bachelorstudier i barnehagelærerutdanning, masterstudium i barnehagekunnskap og etter- og videreutdanninger.

Ved Institutt for barnehagelærarutdanning ved Fakultet for lærarutdanning og internasjonale studiar er det ledig inntil fire 100 % faste stillingar som førsteamanuensis/førstelektor i barnehagepedagogikk med tilsetjing 1. mars 2022. Det er spesielt innanfor fagområda leiing, småbarnspedagogikk, rettleiing og barn i krevjande livssituasjonar vi treng fleire dyktige medarbeidarar.

Institutt for barnehagelærarutdanning har ca. 2000 studentar og 115 tilsette, og er lokalisert i Pilestredet i Oslo sentrum. Instituttet tilbyr bachelor i barnehagelærarutdanning og master i barnehagekunnskap, samt en rekke etter- og vidareutdanningskurs. Fakultetet tilbyr ph.d. i utdanningsvitskap for lærarutdanning. Instituttet har et utstrekt samarbeid med barnehagar og institusjonar relevant for vårt arbeid. Kollegiet samarbeider i tverrfaglege undervisningsteam. Pedagogikk inngår i mange emnar blant anna kunnskapsområdet «Barns utvikling, leik og læring», vidareutdanning på oppdrag, Regional ordning og Kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande praksis.

Les meir om fakultetet og instituttet: Oslomet.no/om/LUI
Les meir om våre forskergrupper: Oslomet.no/forskning/forskningsgrupper

Arbeidsoppgåver:

  • undervise, rettleie og vurdere bachelor-, master og ev. ph.d-nivå, samt EVU-tilbod
  • følgje opp studentar i praksis
  • arbeide med kurs og oppdrag avhengig av søkjar sin kompetanse og instituttet sine behov
  • gjennomføre eige forskings- og utviklingsarbeid
    Lærarutdanningsprofilen og profesjonsretta forskings- og utviklingsarbeid står sentralt ved fakultetet. Difor er det viktig at den som blir tilsett, er innstilt på å orientere seg mot profesjonsspesifikke problemstillingar innanfor barnehagefeltet.
  • ta initiativ til og delta i utviklinga av større forskingsprosjekt og søknader om ekstern finansiering saman med kollegaer i fagmiljøet
  • oppsøkje og delta i forskingssamarbeid med nasjonale og internasjonale samarbeidspartnarar
  • formidle forskingsresultat til både fagmiljø og samfunnet elles
  • bidra i arbeidet med å vidareutvikle fagmiljøet og utdanningane ved instituttet
  • utføre fagleg-administrative oppgåver

Kvalifikasjonskrav:

  • For tilsetjing i stilling som førsteamanuensis krevst det doktorgrad i pedagogikk eller tilsvarande.
  • For tilsetjing i stilling som førstelektor krevst det embetseksamen, hovudfag eller mastergrad i pedagogikk eller tilsvarande og dokumentert omfattande forskings- og utviklingsarbeid som i kvalitet og omfang svarer til arbeidsmengd og nivå for ei doktorgradsavhandling.
  • Dersom det ikkje melder seg kvalifiserte søkjarar med førstekompetanse, kan det vere aktuelt med mellombels tilsetjing i stilling som universitetslektor med krav om kvalifisering for fast tilsetjing som førsteamanuensis/førstelektor innan tre år, jf. UH-lova § 6-5. Ph.d.-kandidatar som enno ikkje har levert inn doktorgradsavhandling, kan vere slike kandidatar. Slike kandidatar kan også vere søkjarar som har nok publiseringar av høg kvalitet til å kunne søkje opprykk til førstelektor innan få år.
  • For mellombels tilsetjing i stilling som universitetslektor i pedagogikk, krevst det mastergrad, hovudfag eller embetseksamen i pedagogikk eller tilsvarande.
  • Søkjarar må dokumentera relevant praktisk-pedagogisk kompetanse. Søkjarar må dokumentera grunnleggjande kompetanse i undervisning og rettleiing på universitets- og høgskulenivå. Søkjarar som ved tilsetting ikkje kan dokumentera slik universitetspedagogisk basiskompetanse, må skaffa seg denne kompetansen i løpet av ei tåars periode. OsloMet tilbyr et emnet universitetspedagogikk (UHPED) som dekkjar dette kravet. 
  • Det krevjast god munnleg og skriftleg framstillingsevne på engelsk. Søkjarar som ikkje har tilstrekkeleg kunnskap i skandinaviske språk må innan tre år etter tiltreding tileigna seg norskkunnskap tilsvarande nivå B2.

Ved vurdering og rangering av kvalifiserte søkjarar vil det bli lagt vekt på

  • forskings- og utviklingsarbeid som er relevant for stillinga
    Publikasjonar frå dei siste seks åra vil bli vektlagde.
  • røynsle med forskingsnettverk og prosjekt med ekstern finansiering
  • potensial for prosjektakkvisisjon
  • røynsle med og kunnskap om barns lek og læring i barnehage
  • røynsle med og kunnskap om følgande felt: leiing, småbarnspedagogikk, rettleiing og barn i krevjande livssituasjonar
  • undervisningsrøynsle på bachelor- og masternivå, fortrinnsvis frå barnehagelærarutdanning
  • pedagogiske evner
  • kjennskap til og/eller røynsle frå barnehagefeltet
  • god digital kompetanse, inkludert røynsle med studentaktive læringsformer og bruk av digitale undervisnings- og vurderingsverktøy
  • god evne til å kommunisere og samarbeide med studentar og kollegaer
  • personlege eigenskapar som kan bidra positivt til arbeidsmiljøet
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne på eit skandinavisk språk og engelsk

Søkjarar som ikkje har eit av dei skandinaviske språka som morsmål, må kunne dokumentere både munnleg og skriftleg språkdugleik.

Generelle kriterium for tilsetjing i undervisnings- og forskarstilling går fram av forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger.

OsloMet gjennomfører prøving av pedagogiske kvalifikasjonar i samband med intervju.

Det er viktig for OsloMet å spegle folkesetnaden i regionen. Vi arbeider aktivt med å utvikle OsloMet vidare som ein inkluderande arbeidsplass og for å leggje arbeidsplassen til rette dersom det er behov for det. Vi ønskjer alle kvalifiserte søkjarar velkommen, òg søkjarar som har opplevd periodar i livet utan arbeid, utdanning eller opplæring.

Søknadsprosess:

Følgjande dokument må lastast opp innan søknadsfristen:

  • søknadsbrev
  • CV
  • attestar og alle sider av vitnemål
  • fullstendig publikasjonsliste
  • inntil ti vitskaplege arbeid og eit oversyn over desse arbeida, inkl. ph.d.-avhandling dersom relevant
  • to referansar med kontaktinformasjon

Me behandlar berre søknadar som er sendt via vårt elektroniske rekrutteringssystem og alle dokument må lastast opp for at din søknad skal verta behandla. Dokumenta må vere på eit skandinavisk språk eller engelsk. Omsetjingar må vere autoriserte, og originalar må visast fram ved eit eventuelt intervju. OsloMet gjennomfører kontroll av dokument slik at alle kandidatar skal få ei reell evaluering og rettferdig konkurranse. Ufullstendige søknader vil ikkje bli tekne til vurdering.

Søkjarar vil bli vurderte av eit sakkunnig utval. Før søknadspapira blir sende til dette utvalet, vil alle søknadene bli gjennomgått ved fakultetet. Søknader frå ikkje-kvalifiserte søkjarar vil ikkje bli sende til vurdering.

Har du dokumentar som ikkje kan lastas opp elektronisk, kontakt: Ingrid Andvin Tsolakis iats@oslomet.no

Vi tilbyr

  • interessante oppgåver ved Noregs tredje største universitet
  • tid til profesjonsnært forskings- og utviklingsarbeid
  • låne- og pensjonsvilkår i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar og eit omfattande tilbod av aktivitetar innan kultur og sport

Andre opplysningar:

For nærare informasjon om stillinga kan følgjande kontaktast:

  • Instituttleiar Inger Marie Lindboe, mobil: +47 954 75 435/e-post: ingerlin@oslomet.no
  • Studieleiar Unn Christin Håvie, mobil +47 469 60 864/e-post: unnchr@oslomet.no
  • Studieleiar Geir Aaserud, mobil +47 922 42 810/e-post: Geir.Aaserud@oslomet.no

Stillinga blir lønt etter statens lønnsregulativ og OsloMets lønnspolitikk, som førsteamanuensis i kode 1011 og førstelektor i kode 1198, lønnssteg 60 - 74 (frå kr 543 500 til kr 702 100 per år), eventuelt i stilling som universitetslektor i kode 1009, i lønnssteg 51 – 66 (frå kr 468 300 til kr 604 700 per år). For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgre løn verta vurdert. Frå lønna blir det trekt 2 % pensjonsinnskot til SPK.

Søk elektronisk på stillinga ved å nytte knappen nedst på sida «Logg inn og søk stillinga».

Ansettelsestype Fast stilling
Arbeidstid Heltid
Tiltredelse 01.03.2022
Lønn Frå kr 468 300 til kr 702 100
Antall ledige stillinger 4
Arbeidsomfang 100 %
Sted Oslo
Fylke Oslo
Land Norge
Referansenummer 21/09899
Kontakt
  • Inger Marie Lindboe, ingerlin@oslomet.no, +47 954 75 435
  • Unn Christin Håvie, +47 469 60 864
  • Geir Aaserud, +47 922 42 810
Publisert 21.09.2021
Søknadsfrist 17.10.2021

Zurück zu Stellenangeboten