Divisjon for digitalisering og infrastruktur, Avdeling for Eiendom

OsloMet –  storbyuniversitetet er landets tredje største universitet, med over 20 000 studenter og mer enn 2000 ansatte. OsloMet leverer kunnskap og yrkesutøvere samfunnet er avhengig av, og er tett på arbeidslivets behov.  OsloMet er et urbant og mangfoldig universitet med internasjonalt preg og et attraktivt studie- og arbeidssted med studiesteder midt i Oslo og på Kjeller ved Lillestrøm. Tilstedeværelsen i hovedstadsregionen gir universitetet gode muligheter til å forstå og høste fordelene av byens varierte befolkningssammensetning.

Seksjonssjef for drift og husøkonomi

Divisjon for digitalisering og infrastruktur, avdeling Eigedom

OsloMet søker drivande og nytenkjande leiar til strategisk satsing på digital eigedomsforvaltning og drift

Avdeling Eigedom er ansvarleg for forvaltning, drift, vedlikehald og utvikling av alle OsloMet sine bygningar, tekniske anlegg og uteareal. Eigedomsavdelinga består av totalt rundt 60 medarbeidarar og leiger i dag ca. 180 000 kvadratmeter fordelt på 18 adresser. OsloMet er inne i ein spennande fase med eit langsiktig arbeid med strategisk campusutvikling. Samstundes er vi godt i gang med å styrke og vidareutvikle vår eigen praksis innanfor avdelinga sitt fokus på område som framtidsutvikling, forvaltning, brukarstøtte og tenestestyring. Du vil inngå i OsloMet sitt arbeid med digital transformasjon.

Til dette arbeidet søker vi ein fagleg sterk og inspirerande leiar som kan bidra til framtidsretta utvikling og styrking av universitetet sin eigedomsforvaltning (prosessar, systemstøtte, leverandørar, leveransar). Du vil leie team av ressursar knytt til ulike forvaltningsområde. I fellesskap er seksjonen sine medarbeidarar ansvarlege for at universitetet sin samla eigedomsmasse blir forvalta profesjonelt, effektivt, pro aktivt og framtidsretta. Samfunnsansvar står i fokus, der berekraft og miljø er viktig. Gjennom god ressursutnytting, påliteleg drift og stabil tenestekvalitet sørger de i denne seksjonen for å sikre at brukarane er godt nøgde, og de tar ansvar for at strategisk handlingsrom i det langsiktige utviklingsarbeidet blir prioritert. Du og dine medarbeidarar i seksjonen og i eigedomsavdelinga er også aktive medspelarar i større og mindre utviklingsprosjekt i tillegg til å stø opp om avdelinga sin brukarstøttefunksjon.

Seksjonssjefen rapporterer til eigedomsdirektøren, og har personalansvar for 29 tilsette. Det er fast tilsetting.

Les meir om OsloMet 

Dei viktigaste arbeidsoppgåvene dine vil vere

  • å utvikle og leie 29 medarbeidarar; det er driftsteknikarar, husøkonomar og eigedomsavdelinga si sikringsgruppe
  • å ta ansvar for at bygningsmassen blir driven og nytta på ein samfunnsansvarleg, berekraftig og effektiv måte
  • å finne framtidsretta og innovative løysingar for koordinering av vedlikehald og dagleg drift
  • budsjett- og økonomioppfølging for seksjonen, som disponerer eit betydeleg beløp ved OsloMet
  • prosjektleiing og forvaltning av innkjøp, kontraktoppfølging og ivaretaking av regelverk
  • å representere seksjonen ut mot andre einingar og fakultet, da seksjonssjefen har ei sentral rolle i tilrettelegging av bygningsmessige og andre driftsressursar
  • å ha ansvar for oppfølging og utvikling av brannvern, fysisk sikring og overordna sikkerheit

Du må ha

  • relevant utdanning på universitet- eller høgskolenivå
  • leiarerfaring frå tilsvarande stillingar
  • erfaring med drift og vedlikehald av større bygningsmassar

Det er ein fordel at du har

  • erfaring frå brann- og sikkerheitsarbeid i større verksemder
  • fagleg interesse for eigedomsutvikling
  • erfaring frå endringsleiing med resultat som kan bli dokumentert
  • erfaring med offentlege anskaffingar

Vi ønskjer deg som

  • evnar å vere til stades for dine medarbeidarar og byggje relasjonar på tvers av faggrupper
  • er lyttande og har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • har gode organisatoriske evner, og er initiativrik og resultatorientert
  • tenkjer framover og evner å prøve ut nye og innovative løysingar

Det er viktig for OsloMet å spegle menneska i regionen vår, og vi ønskjer alle kvalifiserte søkjarar velkomne. Vi arbeider aktivt for å utvikle oss vidare som ein inkluderande arbeidsplass og for å legge til rette arbeidsplassen dersom du treng det.

Vi kan tilby deg

  • ein jobb i eit spennande og utviklande fagmiljø
  • moglegheiter til å styre eigen arbeidsdag med varierte og utfordrande oppgåver
  • ein arbeidsplass med hyggelege kollegaer
  • fleksibel arbeidstid og gode velferdsordningar, mellom anna gode kulturtilbod
  • låne- og pensjonsvilkår i Statens Pensjonskasse

Du må laste opp attestar og alle sider av vitnemål. Dokumenta må vere på engelsk eller eit skandinavisk språk. Omsetjingar må vere autoriserte. Du må vise fram originalen dersom du blir intervjua. OsloMet kontrollerer dokumenta, slik at du som kandidat skal få ei reell evaluering og ein rettferdig konkurranse.

Andre opplysningar

Stillinga blir løna etter lønsregulativet til staten, 1211 - Seksjonssjef. Løn kroner 631 700 -713 600 per år. Høgare løn kan vurderast for særleg kvalifiserte søkjarar. Frå løna vert det trekt 2 % lovfesta innskot til Statens Pensjonskasse.

Dersom du ønskjer meir informasjon om stillinga, kan du ta kontakt med:

  • Fungerande eigedomsdirektør Olgunn Ransedokken, 97 68 79 27

Du som søker denne stillinga, kan med heimel i Offentleglova bli publisert på søkelista sjølv om du har bede om at søknaden blir handsama konfidensielt. Dersom det skjer, vil du bli varsla før publisering.

Dersom du vil søke på stillinga, må du søke elektronisk ved å nytte knappen nedst i utlysinga “logg inn og søk stillinga”.

Søknadsfrist:        3. mars 2019  

Ref.:                   19/01499

 

Ansettelsestype Unbefristete Anstellung
Arbeidstid Heltid
Antall ledige stillinger 1
Arbeidsomfang 100%
Sted Pilestredet 46
Fylke Oslo
Land Norge
Referansenummer 19/01499
Kontakt
  • Fungerande eigedomsdirektør Olgunn Ransedokken, , Mobil 97 68 79 27
Publisert 01.02.2019
Søknadsfrist 03.03.2019

Zurück zu Stellenangeboten