OsloMet - storbyuniversitetet er Norges tredje største universitet med nesten 22 000 studenter og over 2500 ansatte. Vi har campus i Oslo sentrum og på Romerike. OsloMet leverer forskning og utdanning med høy relevans for arbeidslivet, velferdsstaten og storbyregionen.
Institutt for atferdsvitenskap har om lag 50 ansatte og 1200 studenter tilknyttet instituttets virksomhet.
Institutt for åtferdsvitskap ved Fakultet for helsevitskap, søkjer avdelingsleiar til Avdeling for vernepleie, helsefremming og inkludering. Vernepleiarar er Noregs nest største helse- og sosialprofesjon med helsepersonellautorisasjon, og ei av dei viktige yrkesgruppene til å løyse utfordringane i helse- og sosialtenestene i framtida.
Tilsetting skjer på åremål for ein periode på fire år med moglegheit til å kunne søkje same stilling for endå to periodar – totalt 12 år. Stillinga er ledig frå 01.08.25. Stillingen vil inneholde noe reising til Campus Kjeller.
Institutt for åtferdsvitskap er del av eit stort og tverrfagleg helsevitskapleg fakultet. Dette skapar gode høve for tverrfagleg samarbeid på tvers av institutt og fagmiljø.
Avdeling for vernepleie, helsefremming og inkludering har omtrent 24 fast tilsette. Bachelorprogrammet i vernepleie tar årleg opp over 200 nye studentar. Undervisinga i bachelorprogrammet blir gitt på Kjeller.
Universitetet har ei klar satsing på forsking, og fleire forskingsgrupper er etablerte ved instituttet.
Viktige trendar innan universitets- og høgskulesektoren er digitalisering, og auka konkurranse om studentane og om forskingsmidlar. Som avdelingsleiar har du fagleg og administrativt ansvar for Avdeling for vernepleie, helsefremming og inkludering. Dette medfører resultatansvar for forsking, utdanning og formidling, og ansvar for HMS, personal - og økonomistyring. Avdelingsleiar skal vidare sørgje for eit godt og mangfaldig arbeidsmiljø. Avdelingsleiar har programansvar og er ansvarleg for at avdelinga bidrar med undervising i alle studieprogram og etter- og vidareutdanningar ved instituttet. I tillegg tilkjem bidrag inn i det strategiske arbeidet og utviklinga ved instituttet.
Stillinga kan gi rom for noko FoU-aktivitet, men utan at det då går ut over ansvar og oppgåver som tilhøyrer leiarfunksjonen.
Avdelingsleiarane sit i leiargruppa ved instituttet og er ansvarlege for å gjennomføre OsloMet sine strategiar, og vedtak gjorde i leiarlinja ved universitetet. Avdelingsleiar rapporterer til instituttleiar. Ansvarsområde og arbeidsoppgåver for avdelingsleiar er nærare omtalte i stillingsbeskrivinga. Avdelingsleiar vil i tillegg vere sentral i arbeidet med å utvikle instituttet sine studietilbod ved nye Campus Romerike.
At du er personleg eigna og har god rolle- og organisasjonsforståing som personalleiar og linjeleiar, vil bli tillagt stor vekt.
Det er viktig for OsloMet å spegle menneska i regionen, og vi ønskjer alle kvalifiserte søkjarar velkomen. Vi arbeider aktivt for å utvikle oss vidare som ein inkluderande arbeidsplass og for å leggje til rette arbeidsplassen dersom du har behov for det. Har du periodar i livet der du ikkje har vore i arbeid, utdaning eller opplæring, er du også velkomen til å søkje hos oss.
Stillinga er lønt etter Hovudtariffavtalane i staten og OsloMet sin lønspolitikk i 1473 studieleiar, lønstrinn 75–83, dvs. kroner 759 100–942 700 pr. år. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast. Frå løna blir det trekt 2 prosent i lovfesta innskot i Statens Pensjonskasse.
Vil du søkje på stillinga, må du søkje elektronisk gjennom vårt rekrutteringssystem. Innan søknadsfristen må du saman med søknaden laste opp følgjande dokument:
Vi behandlar berre søknader sende via vårt rekrutteringssystem, og alle dokument må lastast opp for at søknaden din skal behandlast. Dokumenta må vere på eit skandinavisk språk eller engelsk, og omsetjingar må vere autoriserte. Du må framvise originalar ved eit eventuelt intervju. OsloMet gjennomfører kontroll av dokument, slik at du som kandidat skal få ei reell evaluering og rettferdig konkurranse.
Tilsetjinga blir gjennomført etter prinsippa i statstilsettelova (lovdata.no), og lovverk som regulerer eksport av kunnskap, teknologi og tenester.
Det kan bli utført bakgrunnssjekk for å verifisere opplysningar som går fram av CV og tilgjengelege dokument. Bakgrunnssjekk blir ikkje gjennomført utan samtykke frå søkjar, og aktuelle søkjarar vil få nærare informasjon om dette.
Dersom du ønskjer meir informasjon om stillinga, kan du ta kontakt med:
Du som søkjar kan med heimel i offentleglova bli publisert på søkjarlista, sjølv om du har bede om at søknaden blir behandla konfidensielt. Dersom det skjer, vil du bli varsla før publisering.
Søknadsfrist: 8.januar 2025
Ref.: 24/27008
Ansettelsestype | Åremålsstilling |
---|---|
Arbeidstid | Heltid/Deltid |
Tiltredelse | 1.8.2025 |
Lønn | 759 100–942 700 |
Antall ledige stillinger | 1 |
Arbeidsomfang | 100% |
Sted | Oslo |
Fylke | Oslo |
Land | Norge |
Referansenummer | 24/27008 |
Kontakt |
|
Publisert | 12.12.2024 |
Søknadsfrist | 08.01.2025 |