OsloMet – storbyuniversitetet er det tredje største universitetet i Noreg, med nesten 22 000 studentar og over 2500 tilsette. Vi har campus i Oslo sentrum og på Romerike. OsloMet leverer forsking og utdanning med høg relevans for arbeidslivet, velferdsstaten og storbyregionen.
Fakultet for lærerutdanning og internasjonale studier (LUI) har ca. 650 ansatte og 7400 studenter, og holder til i Oslo og Akershus. Fakultetet består av fire institutter og Nasjonalt senter for flerkulturell opplæring (NAFO). Fakultetet utdanner fremtidens lærere fra barnehage til og med videregående skole, i nært samarbeid med praksisfeltet. Fakultetet tilbyr ph.d. i utdanningsvitenskap for lærerutdanning. I tillegg tilbyr fakultetet utviklingsstudier og utdanning i tegnspråk og tolking. Mangfold er en kjerneverdi for fakultetets virksomhet. Forsknings- og utviklingsarbeidet er profesjonsrettet, praksisnært og internasjonalt orientert.
Institutt for barnehagelærerutdanning (BLU) har sterke fagmiljøer som bidrar til forskningsbasert kunnskap av relevans for samfunnets utfordringer på barnehagefeltet. Instituttet utvikler sine utdanninger i nært samarbeid med praksisfeltet gjennom studentenes praksisopplæring og gjennom forsknings- og innovasjonsprosjekter. Instituttet tilbyr bachelorstudier i barnehagelærerutdanning, masterstudium i barnehagekunnskap og etter- og videreutdanninger.
Ved Institutt for barnehagelærarutdanning ved Fakultet for lærarutdanning og internasjonale studiar er det ledig inntil fire 100 % faste stillingar som universitetslektor i barnehagepedagogikk med tilsetjing frå 1. august 2025. Det er spesielt innanfor fagområda leiing, rettleiing, spesialpedagogikk og kulturell kompleksitet vi treng fleire dyktige medarbeidarar.
Institutt for barnehagelærarutdanning har om lag 2000 studentar og 135 tilsette, og er lokalisert i Pilestredet i Oslo sentrum. Instituttet tilbyr bachelor i barnehagelærarutdanning og master i barnehagekunnskap, samt ei rekkje etter- og vidareutdanningskurs. Fakultetet tilbyr ph.d. i utdanningsvitskap for lærarutdanning. Instituttet har eit utstrekt samarbeid med barnehagar og institusjonar som er relevante for arbeidet vårt.
Kollegiet samarbeider i tverrfaglege undervisningsteam. Pedagogikk inngår i mange emne, mellom anna i kunnskapsområdet «Barns utvikling, leik og læring», i vidareutdanning på oppdrag, Regional ordning og Kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande praksis.
Les meir om fakultetet og instituttet: Oslomet.no/om/LUI
Les meir om forskargruppene våre: Oslomet.no/forskning/forskningsgrupper
Dei generelle kriteria for tilsetting i undervisnings- og forskingsstillingar følgjer av «Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger (FOR-2006-02-09-129)», jf. overgangsreglar omtala i Forskrift til universitets- og høyskoleloven § 13.2.
Vi legg òg vekt på om du er personleg egna.
OsloMet gjennomfører prøving av pedagogiske kvalifikasjonar i samband med intervju.
Det er viktig for OsloMet å spegle folkesetnaden i regionen vår, og vi ønskjer alle kvalifiserte søkjarar velkomne. Vi arbeider aktivt med å utvikle oss vidare som ein inkluderande arbeidsplass og for å legge til rette arbeidsplassen dersom du har behov for det. Har du periodar i livet der du ikkje har vore i arbeid, utdanning eller opplæring, er du òg velkommen til å søkje hos oss.
Følgjande dokument må lastast opp innan søknadsfristen:
OsloMet behandlar berre søknader som er sendt via det elektroniske rekrutteringssystemet, og alle dokument må lastast opp for at søknaden din skal bli behandla. Dokumenta må vere på eit skandinavisk språk eller engelsk. Omsetjingar må vere autoriserte, og originalar må visast fram ved eit eventuelt intervju. OsloMet gjennomfører kontroll av dokument slik at alle kandidatar skal få ei reell evaluering og rettferdig konkurranse. Ufullstendige søknader vil ikkje bli tekne til vurdering.
Før søknadspapira blir sende til dette utvalet, vil alle søknadene bli gjennomgått ved fakultetet. Søknader frå ikkje-kvalifiserte søkjarar vil ikkje bli sende til vurdering.
Tilsetjinga blir gjennomført etter prinsippa i Statsansattelova (lovdata.no) og lovverk som regulerer eksport av kunnskap, teknologi og tenester.
OsloMet har slutta seg til prinsippa i DORA-erklæringa og forplikta institusjonen til å følgje anbefalingane i denne.
Har du dokument som ikkje kan lastast opp elektronisk, kontakt Ingrid Andvin Tsolakis på e-post: iats@oslomet.no
For nærare informasjon om stillinga kan følgjande personar kontaktast:
Stillinga blir løna etter Statens lønsregulativ og OsloMets lønspolitikk, som universitetslektor i kode 1009, i lønssteg 51–66 (frå kr 509 300 til kr 646 000 per år). For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn bli vurdert. Frå lønna blir det trekt 2 % pensjonsinnskot til SPK.
Søk elektronisk på stillinga ved å nytte knappen nedst på sida «Logg inn og søk stillinga».
Ansettelsestype | Fast stilling |
---|---|
Arbeidstid | Heltid |
Tiltredelse | 01.08.2025 |
Lønn | frå kr 509 300 til kr 646 000 per år |
Antall ledige stillinger | 4 |
Arbeidsomfang | 100 % |
Sted | Oslo |
Fylke | Oslo |
Land | Norge |
Referansenummer | 24/26932 |
Kontakt |
|
Publisert | 06.12.2024 |
Søknadsfrist | 05.01.2025 |