Divisjon for organisasjon og infrastruktur, Avdeling for samfunnskontakt og kommunikasjon

OsloMet – storbyuniversitetet er det tredje største universitetet i Noreg, med nesten 22 000 studentar og over 2500 tilsette. Vi har campus i Oslo sentrum og på Romerike. OsloMet leverer forsking og utdanning med høg relevans for arbeidslivet, velferdsstaten og storbyregionen.

Sentral rolle med breitt ansvar! 
 

Avdeling for samfunnskontakt og kommunikasjon (SK) har det overordna og faglege ansvaret for kommunikasjon og samfunnskontakt ved OsloMet. Avdelinga skal bidra til at universitetet når sine mål og strategiar gjennom dialog, fellesskap, posisjonering og omdømmebygging. Avdelinga har rundt 30 medarbeidarar og jobbar med ei rekke fagområde, som forskingsformidling, mediekontakt, studentkommunikasjon, verksemdskommunikasjon, internkommunikasjon, nettsider, marknadsføring og studentrekruttering. 

Til å leie avdelinga, søker vi ein kommunikasjonsdirektør med gode samarbeidseigenskapar og solid, heilskapleg kommunikasjonsforståing. Det er viktig at du kan identifisere deg med samfunnsoppdraget og trivst med å samhandle breitt både internt og eksternt. Du vil rapportere til direktør for organisasjon og infrastruktur, og inngå i leiargruppa for divisjonen. 

Dei viktigaste arbeidsoppgåvene dine vil vere

  • å ha det overordna ansvaret for OsloMet sitt eksterne og interne kommunikasjonsarbeid og å leie arbeidet med å posisjonere og styrke universitetets omdømme
  • å bistå universitetsleiinga og organisasjonen i strategiske og kommunikasjonsfaglege spørsmål
  • etablere og vidareutvikle nettverk, kontakt- og møteplassar med politikare, departement og samfunns- og næringsliv i regionen
  • redaktøransvar for universitetet sine eigne kanalar
  • å leie avdelinga og legge til rette for medarbeidarane si kompetanseutvikling

Vi ser etter deg som har 

  • solid erfaring innan dei fleste av avdelinga sine fagområde
  • brei erfaring med kommunikasjon som strategisk endringsverktøy
  • erfaring frå endrings- og posisjoneringsarbeid i større, komplekse organisasjonar
  • vesentleg erfaring med personalleiing, målstyring, og budsjett- og resultatansvar
  • relevant høgare utdanning, fortrinnsvis mastergrad
  • veldig god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk

Vi ønsker deg som 

  • har brei innsikt i trendar og utvikling i medielandskapet og kommunikasjonsbransjen
  • har politisk innsikt og forståing for sektoren sine rammevilkår
  • har stor arbeidskapasitet, er fleksibel og som evnar å være tilgjengeleg når det er nødvendig
  • har ein motiverande, tydeleg og inkluderande leiarstil prega av samarbeid og medverking
  • fremmer godt arbeidsmiljø, har gode samarbeidsevner, relasjonelle ferdigheiter og evnar å samhandle på tvers i heile universitetet
  • har ein resultatorientert leiarstil, og som kan identifisere seg med verdiane til OsloMet: lærande, nyskapande, mangfaldig

Vi legg vekt på å vere personleg eigna for stillinga.

Det er viktig for OsloMet å spegle befolkninga i regionen vår, og vi ønsker alle kvalifiserte søkarar velkommen. Vi arbeider aktivt for å utvikle oss vidare som ein inkluderande arbeidsplass og legg arbeidsplassen til rette om du treng det. Har du periodar i livet der du ikkje har vore i arbeid, utdanning eller opplæring er du også velkommen til å søke hos oss.

Vi kan tilby deg

  • ei sentral og spennande jobb på det tredje største universitet i Noreg
  • breitt ansvar og gode moglegheiter for fagleg utvikling i eit svært spennande fag- og forskingsmiljø
  • ei avdeling med eit veldig godt arbeidsmiljø, prega av samhandling, kunnskapsdeling og stort engasjement
  • låne- og pensjonsvilkår i Statens Pensjonskasse
  • fleksibel arbeidstid og gode velferdsordningar

Vi vurderer berre søknader sendt via vårt elektroniske rekrutteringssystem. Alle dokument må vere lasta opp for at din søknad skal bli behandla. Dokumenta må vere på eit skandinavisk språk eller engelsk. Omsettingar må vere autoriserte. Dersom du blir innkalla til intervju må du vise fram originalen på intervjuet. OsloMet kontrollerer dokumenta slik at du som kandidat skal få ei reell evaluering og ein rettferdig konkurranse.

Andre opplysningar

Dersom du ønsker meir informasjon om stillinga, kan du ta kontakt med:

  • Direktør Organisasjon og infrastruktur, Vigdis By Kampenes, telefon +47 67 23 63 15

Ta gjerne også uformell og uforpliktande kontakt med seniorrådgjevar Øystein Dahl telefon +47 90 56 82 85, eller researchleiar Maria Loftheim telefon +47 48 25 72 31, i JeffersonWells.

Stillinga blir lønna etter lønnsregulativet til staten, 1060 avdelingsdirektør, lønnstrinn 
82 - 86 tilsvarande kroner 919 200 - 1 025 200 per år. Høgare lønn kan bli vurdert for særleg kvalifiserte søkarar. Frå lønna blir det trekt 2 % lovfesta innskot til Statens Pensjonskasse.

Tilsettinga blir gjennomført etter prinsippa i Statstilsettelova (lovdata.no), og lovverk som regulerer eksport av kunnskap, teknologi og tenester. 

Du som søkar kan med heimel i Offentleglova bli publisert på søkarlista sjølv om du har bedd om at søknaden skal bli handtert konfidensielt. Dersom det skjer vil du bli varsla før publisering.

Søknadsfrist:         9. oktober 2023
Ref.:                      23/04691

Ansettelsestype Fast stilling
Arbeidstid Heltid
Tiltredelse Etter avtale
Lønn 919 200 - 1 025 200
Antall ledige stillinger 1
Arbeidsomfang 100%
Sted Oslo
Fylke Oslo
Land Norge
Referansenummer 23/04691
Kontakt
  • Vigdis By Kampenes, 67236315
  • Øystein Dahl, 90568285
Publisert 04.09.2023
Søknadsfrist 09.10.2023

Tilbake til ledige stillinger