Fakultet for helsevitenskap (HV), Fakultetsadministrasjonen HV, Stab HV

OsloMet - storbyuniversitetet er Norges tredje største universitet med nesten 22 000 studenter og over 2500 ansatte. Vi har campus i Oslo sentrum og på Romerike. OsloMet leverer forskning og utdanning med høy relevans for arbeidslivet, velferdsstaten og storbyregionen.



Trivest du med å skape struktur og koordinere ulike prosessar og har lyst til å bidra inn som leiarstøtte ved Noregs tredje største universitet?

 

Fakultet for helsevitskap søker etter ny medarbeidar til fast 100 prosent stilling organisert i fakultetsdirektøren sin stab. Stillinga vil vere tilknytt tre av institutta våre: Institutt for fysioterapiInstitutt for ergoterapi og ortopediingeniørfag og Institutt for åtferdsvitskap. Dei to første institutta er i prosess for samanslåing i løpet av neste år. Stillinga er ledig omgåande.

Stillinga vil ha ein viktig funksjon i å halde og formidle kontakt mellom fakultetsadministrasjonen og instituttleiingane ved dei tre institutta. Instituttleiarstøttene arbeider i team på tvers av stab som til saman består av seks medarbeidarar. Arbeidsoppgåvene som ligg til stillinga er svært varierande, alt frå praktiske gjeremål til planarbeid.

Institutt for fysioterapi har rundt 800 studentar og 74 tilsette. Institutt for ergoterapi og ortopediingeniørfag har totalt ca. 325 studentar og 28 tilsette. Institutt for åtferdsvitskap har totalt ca. 1085 studentar og 56 tilsette. Alle institutta tilbyr studium på bachelor-, master- og ph.d.- nivå, samt kurs og vidareutdanningar.

Dei viktigaste arbeidsoppgåvene dine vil vere

  • dagleg administrativ støtte til instituttleiarar
  • å halde oversikt og drive prosessar knytt til utforming og oppfølging av planar, rapportar og kvalitetssikringssystemet
  • samordne innspel og skrive høyringsfråsegn, samt førebu saksdokument og referere frå møter på institutta
  • førebu og gjennomføre leiarmøte og ulike arrangement
  • bidra til kommunikasjon internt og eksternt

Andre oppgåver kan kome i tillegg.

Vi ser etter deg som har

  • utdanning på universitets- eller høgskolenivå, minimum bachelorgrad
  • relevant forvaltingskunnskap og administrativ erfaring frå universitets- og høgskolesektor
  • erfaring frå møteadministrasjon og arrangementsplanlegging
  • dokumenterbar skrivekompetanse frå høyringsfråsegn, rapportar, handlingsplanar eller liknande
  • god digital kompetanse og erfaring med arkiv- og saksbehandlingssystem
  • god munnleg og skriftleg framstillingsemne i norsk og engelsk

Det er ein fordel at du har

  • erfaring innanfor leiarstøtte
  • erfaring med kommunikasjonsarbeid

Vi ynskjer deg som

  • er strukturert, nøyaktig, operativ og effektiv
  • har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • er sjølvstendig, foreslår løysingar og bidrar til å gjennomføre endringar
  • trivest med hektiske og varierte arbeidsdagar der du stadig lærer nye ting
  • har interesse og engasjement for kjerneverksemda til fakultetet innan helsevitskap


Det er viktig for OsloMet å spegle menneska i regionen vår, og vi ønskjer alle kvalifiserte søkjarar velkomen. Vi arbeidar aktivt for å utvikle oss vidare som ein inkluderande arbeidsplass og for å leggje til rette arbeidsplassen dersom du treng det. Har du periodar i livet kor du ikkje har vore i arbeid, utdaning eller opplæring er du også velkomen til å søkje hjå oss.

Vi kan tilby deg

  • moglegheiter for interessant fagleg utvikling
  • trivelege kollegaer på tvers av fakultetet
  • ein arbeidsplass i stor utvikling med eit viktig samfunnsoppdrag
  • låne- og pensjonsvilkår i Statens Pensjonskasse 
  • fleksibel arbeidstid og gode velferdsordningar

Søknad

Vil du søke på stillinga må du søke elektronisk via vårt rekrutteringssystem.

Du må legje ved:

  • CV
  • vitnemål (alle sider eller lenke til vitnemålsportalen)
  • attestar
  • gjerne to referansar

Vi handsamar kun søknader sendt via vårt elektroniske rekrutteringssystem og alle dokument må lastast opp for at din søknad skal handsamast. Dokumenta må vere på engelsk eller eit skandinavisk språk. Omsettingar må vera autoriserte. Dersom du vert innkalla til intervju må du vise fram originalen der. OsloMet kontrollerer dokument slik at du som kandidat skal få ei reell evaluering og ein rettferdig konkurranse.

Andre opplysningar

Dersom du ønskjer meir informasjon om stillinga, kan du ta kontakt med:
Fungerande fakultetsdirektør, Ingvild Straume, tlf. 951 85 075, e-post: ingvilds@oslomet.no


Stillinga vert løna etter lønsregulativet til staten, stillingskode 1363 seniorkonsulent, løn kroner 454 200-534 400 (ltr. 49-59) per år eller stillingskode 1434 rådgjevar løn kroner 461 300-604 700 (ltr. 50-66). Høgare løn kan vurderast for særleg kvalifiserte søkjarar. Frå løna vert det trekt 2 % lovfesta innskot til Statens Pensjonskasse.

For stillingskode 1363 seniorkonsulent krevst det bachelorgrad. Det er vidare nødvendig med relevant praksis og dokumentert emne til sjølvstendig og resultatorientert arbeid. Svært god og relevant praksis kan kompensere for kravet om formell utdanning.

For stillingskode 1434 rådgivar krevst det universitets- eller høgskoleutdanning, minst bachelorgrad, samt relevant praksis og dokumentert emne til sjølvstendig og resultatorientert arbeid. Svært god og relevant praksis kan kompensere for kravet om formell utdanning.

Du som søkjar kan med heimel i Offentleglova verte publisert på søkjarlista sjølv om du har bede om at søknaden vert handsama konfidensielt. Viss det skjer vil du verte varsla før publisering.

 

Søknadsfrist: 2. desember 2021
Ref.: 21/11899

Ansettelsestype Fast stilling
Arbeidstid Heltid
Tiltredelse Snarest mulig
Lønn 454 200-534 400 / 461 300-604 700
Antall ledige stillinger 1
Arbeidsomfang 100 %
Sted Oslo
Fylke Oslo
Land Norge
Referansenummer 21/11899
Kontakt
  • Ingvild Straume, 951 85 075
Publisert 18.11.2021
Søknadsfrist 02.12.2021

Tilbake til ledige stillinger